Ny samarbeidspartnar: VÖRU har støtta herrelaget på bortebane i 2023!
Herrelaget har også i 2023 konkurrert i Oslo-avdelinga, og nytt i år er at Vöru, med vår tidligare styreleiar Erlend Eidhammer i spissen, er komen inn som samarbeidspartnar og sponsa laget med pizza etter alle bortekamper i hovudstaden!
Vöru tilbyr kreative løsninger for profilering av bedrifter og organisasjoner, som inkluderer alt fra tradisjonelle profileringsprodukter til spennande tilpassa konsepter. Selskapet held til i Lillestrøm, og er opptekne av å levere miljøvennlige alternativer og ein bærekraftig profilering.
Erlend Eidhammer, som hadde eit stort engasjement i Os-fotballen i si tid i bygda, har framleis eit stort hjerte for klubben og vore ein fast Os-tilhenger på herrelaget sine bortekamper i Oslo-området i 2022 og 2023. Han er no busatt på Rælingen og har i tillegg til å drive selskapet Vöru, styreverv i Lillestrøm Kvinner.
Når det også blei Oslo-avdeling for herrelaget i 2023, så jubla vår tidligare styreleiar, som også i år kunne gå på mange Os-kamper i hovudstaden, og i tillegg gje støtte til sin gamle klubb gjennom selskapet sitt! Vöru har sponsa herrene våre med utsøkt italiensk pizza frå Stian Østland sin restaurant Il Padrino, til stor glede for alle våre reisande.
Me set stor pris på støtta og takker Erlend og Vöru for sponsinga!
Sjekk ut Vöru her: Vöru