Ny spennande utgåve av Sparebanken Norge Os Akademiet

Er du ungdom i alderen 2014-2010 som elsker fotball og ynskjer å trene meir, og i tillegg få tett rettleiing av erfarne, dyktige trenarar som har din utvikling som spelar og person i fokus? Då må du sjekke ut Sparebanken Norge Os Akademiet 2025/2026 - i ny spennande drakt før neste akademi-sesong!

PÅMELDING: SPAREBANKEN NORGE OS AKADEMIET

Sparebanken Norge Os Akademiet er eit ekstra fotballtilbod med formål å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra tilbod med utdanna trenarar utenom fellestreningar.

Me ynskjer å videreutvikle akademiet og har som mål at tilbodet skal vere eit av dei fremste spelarutviklingstilboda i vår region!

Treningene vil foregå fast laurdag formiddag i tidsrommet kl. 09.00 - 12.15, fordelt på to grupper;

2013-2014: Kl. 09.00 - 10.30

2010-2012: Kl. 10.45 - 12.15

Trenerteamet; Endre Brenne, Zsolt Korcsmar, Lars Henrik Bakkerud, Ørjan Håland, Ørjan Sandal, Stian Kvåle og Marius Mikkelsen er ansvarlege for det sportslege tilbodet, og innehar høg kompetanse for å bidra til spelarutvikling!

Sparebanken Norge Os Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane, ynskjer me å vektlegge det fysiske, mentale og sosiale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner, samt ha fokus på haldningar. Me ynskjer blant anna å hente inn ekstern kompetanse til fysisk trening utafor sesong, medan me i sesong vil legge tilrette for 3 til 4 temasamlinger om toppidrett knytt til kosthald, mental trening, rus, MOT, verdival osv. 

Utafor sesong (1.nov-31.mars) vil Akademiet ha fast tilhaldsstad inne i Sparebanken Norge Arena på Søre Neset. I denne perioden vil det i tillegg vere tilrettelagt fysisk økt for alle deltakarar (morgentrening). Det vil bli individuell oppfølging av kvar enkelt spelar med utviklingsmål, samtalar og bruk av videoanalyse

Det vil vere mogleg for 2013-2014 å kombinere akademiet med deltakelse på FFO. 

Praktisk informasjon:

MÅNADSPRIS: 

- 750 kr. pr.mnd. 

- Henting: Me henter på alle skular i Bjørnafjorden, og ved ferjekaier om spelarar frå Fusa-sida eller Tysnes ynskjer å delta.

- Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

- Akademiet FYLGJER SKULERUTA TIL BJØRNAFJORDEN KOMMUNE.

- Oppstart laurdag 23.august (ytterligare info om kor og kva kjem så fort som mogleg). 

- Tilbod for alle ivrige gutar og jenter i Bjørnafjorden, Fusa, Tysnes og omegn.

Bli del av eit spennande, utviklingsorientert og kjekt treningsmiljø på Sparebanken Norge Os Akademiet!

 

Annonse: