Nyheit: Me startar opp FFO-Keeper
Det er med stor iver me kan dele nyheiten om at me starter opp eit ekstratilbod for ivrige keeperspirer på FFO!
Os Telenor Xtra FFO (fotballfritidsordning) er eit populært ekstratilbod for born i alderen 2-7.klasse, med oppunder 200 fotballspirer innom i løpet av veka. Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø.
Me er alltid på jakt etter å utvikle FFOen vår, og gje eit variert og godt tilbod. Me synst difor det er veldig spennande å dele at me no også kan tilby eit eige keepertilbod på FFO. Det er mange ivrige keeperspirer i kommunen, som me ynskjer å gje eit ekstra treningstilbod retta mot keeperrollen.
Keepertalent Maria Hatvik Flister, som nyleg blei henta av Brann, og blant anna var med i troppen mot Barcelona i Champions League, vil leie keeperøktene.
FFO-keeper vil foregå om måndager, der jenter og gutar i alderen 2-7. klasse kan melde seg på. Alle deltakarar får tilbod om å bestille eigen utstyrspakke frå FFO, samt alle får keeperhanskar. Deltakarane kjem til FFO etter endt skuledag (me henter på skulane ved behov), får eit næringsrikt måltid før trening og frukt etter fullført økt.
Treningsopplegget er ferdig til ca kl. 16, men foreldre/føresatte kan henter borna sine når dei ynskjer. FFO held åpent til kl. 16.30.
Måndag 9.september, inviterer me til prøvedag!
Påmelding prøvedag: send navn på deltaker, skule, klassetrinn, om barnet har behov for henting etter endt skuledag, eventuelle allergier eller anna me bør ha kjennskap til, samt telefonnummer til minimum ein kontaktperson dersom det skulle vere noko, til marius@osfotball.no
Ordinær påmelding: PÅMELDING FFO-KEEPER
Velkommen!