
Nytt samarbeid: Marine Construction med på laget!
Marine Construction og Os Fotball inngår eit toårig samarbeid for å utvikle klubben vidare - velkommen på laget!
Me er veldig glad over å få Marine Construction AS med på vårt knallsterke lag av samarbeidspartnarar. Dei siste vekene har me blitt betre kjent og gjennom gode samtaler er no avtale landa! Denne solide familiebedrifta er i tillegg ein av våre næraste naboar så dette lover godt, seier ein glad dagleg leiar Endre Brenne.
Marine Construction AS har sidan 1992 vore ein leiande leverandør av teknologi til havbruksbransjen i Norge og utland på sjø og land. Dei leverer ingeniørtjenester og prosjekttjenester i forbindelse med konseptutvikling, detaljplanlegging og gjennomføring av både landbaserte og sjøbaserte oppdrettsanlegg.
Sjå video frå vårt besøk og bli betre kjent med denne fine gjengen!
Les meir om våre ferske støttespelar her: Marine Construction