
NYTT SAMARBEID: SAMBA MARIN BLIR DRAKTSPONSOR FOR OS FOTBALL OG OS HANDBALL
Det er med stor glede me kan meddele at Samba Marin forsterker laget på Kuventræ som draktsponsor for Os Fotball og Os Handball dei neste tre åra!
- Det er ein veldig fin og god avtale for oss, og det er utrulig kjekt å inngå eit fleirårig samarbeid med ein stor lokal bedrift som gjer det godt i sin bransje. Samba Marin blir meg bekjent vår fyrste samarbeidspartnar frå Øyane, som er ekstra stas, og kanskje åpner for at fleire herifrå vil bli del av laget! Eg har stor tru på at dette er starten på eit langt og godt samarbeid - velkommen på laget, uttaler daglig leiar i Os Turnforening, Vegard Leikvoll Moberg, med eit øyglimt i auga.
Samba Marin er einige om ein treårsavtale som draktsponsor for Os Fotball og Os Handball, som både styrkar idrettsgreinane kvar for seg, samt det tette, gode samarbeidet mellom fotball og handball innad.
- Samba Marin ønsker å støtte lokalmiljøet og bidra til utviklingen av unge talenter innen både fotball og håndball. Vi vet hvor viktig idretten er for fellesskap, mestring og samhold, og vi ser på dette som en investering i både mennesker og framtiden. Os Fotball og Os Håndball deler våre verdier om lagånd, innsats og utvikling, og vi er stolte av å være en del av deres reise videre, seier Erik Vågen, salg og markedssjef i Samba Marin.
Samba Marin er eit servicebåtrederi som leverer førsteklasses maritime tjenester til Havbruk- og maritime industrier. Med eit kompetanserikt og dedikert team av erfarne fagfolk og ein moderne flåte, tilbyr Samba Marin skreddersydde løysingar for vedlikehald, inspeksjon, og transport.
Besøk dei på nett her: samba.no
Me set stor pris på støtta og ser fram til samarbeidet - velkommen på laget til Samba Marin!
