OPPRYKK TIL 2.DIVISJON

Damelaget er klare for 2.divisjon etter storsiger i Førde!

Søndag var det duka for opprykksfinale når damene våre hadde teke turen til Førde. Vidar hadde allereie sikra den eine opprykksplassen, no skulle Os/Nore Neset og Førde gjere opp om den resterande.

- Dette var ein imponerande kamp av jentene. Denne dagen skapte jentene seg minner og opplevingar, og det er noko dei tek med seg for alltid. Ein vidunderleg dag, av eit vidunderleg lag!

— Ørjan Sandal, hovudtrenar

Damelaget spela uavgjort mot Vidar på Kuventræ, medan Førde tapa sin kamp mot rogalendingene, slik at uavgjort var nok for å sikre opprykket for våre damer. At Førde var i angrepsposisjon syntes frå start - sogningane skaut ut av startblokkene og tok leiinga etter 5.minutter. 

Etter ti tøffe åpningsminutter, fekk våre damer kontroll på nervene. Frå det 18. - 28. minutt leverte damene ti magiske minutter. Vy Mai Nguyen utlikna i det 18.minutt og sendte laget attpåtil i leiinga minuttet etter, før Karoline Louise Østgulen Hevrøy auka til 3-1 i det 28.minutt. No kunne verkeleg dei tilreisande osingane svinge på supporterflagga og sleppe jubelen laus! 

3-1 stod seg til pause, før damene held fram med storspelet i 2.omgang. Lenea Hjelle Fløysand sette inn 4-1 i det 54.minutt, før også Hevrøy blei tomålsskårar i det 64.minuttet. 5-1 stod seg kampen ut og damene kunne fortent, så fortent, sleppe jubelen laus - opprykket var eit faktum! 

- Dette var ein imponerande kamp av jentene. Vi kjører rett og slett over motstandarane våre! Førde er eit godt lag, men sjølv om vi fekk det tøft i starten av kampen og fekk litt motgang, så viste jentene enorm karakter ved å berre løpe de i senk. Det var ein dag der LAGET verkeleg stod i fokus, og alle gjorde jobben for kvarandre, seier ein tydeleg stolt hovudtrenar, Ørjan Sandal. 

- Denne dagen skapte jentene seg minner og opplevingar, og det er noko dei tek med seg for alltid. Ein vidunderleg dag, av eit vidunderleg lag! 

Damelaget krona dermed ein imponerande sesong med opprykk til 2.divisjon - me gratulerer så mykje! 

840d4c477b8e36a81bffba6ed57dce04ded26862-3600x2400.jpg

 

Annonse: