Os Auto gjev gass vidare!

Os Auto har vore ein stabil sponsor for klubben i årevis, det held dei fram med; bilverkstedet forlenger engasjementet med 3 år!

- Gledeleg at enda ein lokal og god partner forlenger. Næringslivet i bygda står ved oss og likar det som skjer på Kuventræ om dagen, uttaler dagleg leiar Endre Brenne. 

Rune Balland i Os Auto er tydeleg på kva som gjer at bilverkstedet vil støtte klubben vidare. 

- Me likar at Os Fotball satsar på lokale ungdommar, som er ein sterk grunn til at Os Auto forlenger engasjementet, seier Balland. 

Os Auto er eit topp moderne bilverkstad som er leverandør av service, alle typer reparasjoner, diagnose og periodisk køyretøykontroll på samtlige bilmerker! Verkstedet har det beste av utstyr for å feilsøke i dagens moderne biler, inkludert elektriske- og hybridbiler.

Os Auto har mekanikere med lang erfaring, og er opptekne av kontinuerlig kursing av sine mekanikere for å halde seg oppdaterte. Verkstedet har eit moderne dekkhotell, og er ein stolt Tysse-forhandler. 

Besøk dei i Industrivegen 13, eller på nett her: Os Auto

Me takkar for støtta, så kan me alle gle oss til å sjå enda fleire ungdommar ta steget til seniorfotball i løpet av årets sesong! 

Os Auto.jpg

 

Annonse: