OS FOTBALL JULEKALENDER 2022

I samarbeid med gavmilde sponsorer er det igjen duka for Os Fotballs julekalender med fantastiske premier!

Julekalenderen har blitt eit positivt og artig innslag i førjulstida, det blir det også i år! Årets versjon er fullspekka med flotte premier takka vere gode samarbeidspartnarar og lokale sponsorer - tusen takk til alle som har bidrege og støtta oss med premier!

Vinnarane blir kvar dag lansert ved videotrekking i sosiale medier. 

Du kan enkelt kjøpe lodd til julekalenderen gjennom Vipps: Os Fotball 2020, velger kategori "julekalender", setter beløp etter kor mange lodd du ønsker og merker det med navn på mottaker, og eventuelt laget du ønsker å støtte i klubbens interne konkurranse. 

Dugnadssalg for våre medlemmer

I år som i fjor byter me ut salg av sokker og liknande, med dugnadssalg av lodd til julekalenderen, som me trur mange vil oppleve som positivt. 

Salg av julelodd er ikkje eit krav, men klubben har ei forventning om at alle medlemmer tek del i dugnaden ved å selge minimum 4 julelodd kvar, og familier med fleire medlemmer om å selge minimum 6 julelodd innad i husstanden.

Laget som selger flest lodd per spelar vinner pizzakveld Det blir intern konkurranse mellom laga våre om kven som selger flest lodd fordelt på antall spelarar i gruppa, der vinnarlaget får ein pizzakveld på Peppes Pizza! Så her er det berre å jobbe som eit lag, selge lodd i ein fei, og feire med pizza. 

Dugnadssalget foregår slik;

Alt salg går gjennom vipps og eit lodd koster 100 kr. Ein selger lodd ved at kjøper vippser eit beløp, utifrå kor mange lodd den ynskjer, til Os Fotball 2020 (nr: 633807), velger kategori "Julekalender", og merker betalinga med navn og årstall på laget. Feks. Ola Normann, J2013. 

Kvar enkelt kan kjøpe så mange lodd ein ynskjer, og eit lodd gjeld for alle dagar i kalenderen. Siste frist for å kjøpe lodd er 15.desember.

Dagens vinnar blir annonsert kvar dag før kl. 20.00 på Os Fotball sine sosiale medier (Os Fotball på facebook og osturnfotball på instagram).

Om det er spørsmål, ta kontakt med Marius Mikkelsen på mail: marius@osfotball.no

Godt dugnadssalg og god førjulstid!

Gaveoversikt 22.png

 

Annonse: