Os Fotball og Søfteland inngår intensjonsavtale
Os Fotball og Søfteland har inngått ein intensjonsavtale om samarbeid i barne- og ungdomsfotballen, med hovudmål om å sikre fotballtilbodet til born og ungdom lokalt i kommunen.
- Dette er veldig gledelig. Som liten klubb kan det vere utfordrande å oppretthalde laga i eldre klassar, så då er me veldig glade for å kunne inngå ein avtale med Os Fotball for å sikre eit forutsigbart fotballtilbod for born og ungdom. Me ser i tillegg fram til å nytte godt av Os Fotball sin kompetanse i barne- og ungdomsfotballen. Det blir veldig spennande og me gler oss til samarbeidet, seier Torstein Tveit, leiar i Søfteland TIL.
Tveit fortel vidare at det nyleg har vore ein veldig positiv overgang for 2008-årgangen frå Søfteland til Os Fotball, der 9 av 11 gutar er med vidare. Os Fotball er forøvrig den naturlege vegen vidare for Søfteland sine spelarar ettersom dei byrjar på Os ungdomsskule i denne alderen.
Søfteland sin styreleiar har saman med Håvard Mathisen (sportsleg leiar Søfteland TIL), Leiv-Gunnar Heggland (styreleiar Os Fotball) og Endre Brenne (dagleg leiar Os Fotball) utarbeida avtalen. Endre Brenne trur avtalen er positiv for alle partar, for å få ei felles utvikling av spelarar og trenarar i klubbane.
- Det er veldig gledeleg å inngå eit slikt samarbeid med Søfteland. Eg trur avtalen er positiv for alle partar, der me saman kan utvikle spelarar og trenarar og sikre eit godt fotballtilbod vidare for spelarane til Søfteland. Det var også viktig for begge partar å inkludere ei felles plattform for trenarutvikling i avtalen, slik at me saman kan sikre best mogleg kvalitet i aktiviteten frå dei yngste til ungdomsfotballen. Klubbane vil for eksempel samkøyre trenarkurs slik at så mange trenarar som mogleg frå klubbane får tilbod om relevant trenarutdanning, i tillegg til trenarforum/kompetansetiltak i regi Os Fotball, avslutter Endre Brenne.