Os Gatelagscup 2023: - Ein av dei kjekkeste arrangementa me deltek på!

Tradisjon tru inviterte me i september til vår meiningsfulle cup for gatelag på Kuventræ, og intet unntak baud årets arrangement på stor stemning og fotballglede!

Foto: Sportsklubben Brann

- Det er tydeleg at dette er eit arrangement som betyr mykje for alle involverte og me fekk blant anna tilbakemeldinger om at dette er eit av dei kjekkeste arrangementa dei deltek på gjennom året. Tusen takk til alle som bidro til å lage eit fint arrangement; spelarar, trenarar, dommarar frå Old Boysen, alle som hjalp med praktisk gjennomføring, KIWI som sponsa oss med grillmat, og ellers TIND Økonomi som ein god støttespelaren, seier initiativtaker og trenar på gatelaget, Tor Arne Hitland.

Sportsklubben Brann, Psykiatrialliansen, Frelsesarmeen Bergen og Frelsesarmeen Stord var tradisjon tru på plass, medan det også i år var gledeleg å ønske nyoppstarta Nordhordaland velkommen til Os Gatelagscup. I ein spennande turnering var det også i år gatelaget til Brann som trakk det lengste strået og gjekk heilt til topps i turneringa - me gratulerer! 

Arrangementet blei avslutta med premieutdeling til vinnerlaget, samt at spelarar som hadde utmerka seg positivt fekk heder og pokal, som for eksempel cupens humørspreiar!

Tusen takk til alle involverte - me gler oss til å invitere til ny cup i 2024! 

38E256DB-A279-4F7E-9189-FBF9FB5FC394.JPG
Logo-Tind-Okonomi-liggande-web.png
KIWI-logo.jpg

 

Annonse: