Oslo-tur for herrelaget

Herrelaget førebur seg til årets fyrste Oslo-tur; i morgon gjester dei Grei til fjerde runde i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1.

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

- No kjem Oslo-turene på rekke og rad her, og det blir artig å stifte bekjentskap med fleire nye lag for vår del, som også gjeld morgendagens motstandar Grei. Me har fått ein ok sesongstart, og er no på jakt etter årets fyrste bortesiger, seier hovudtrenar Endre Brenne. 

Herrelaget har innleia sesongen med to sigrar på Kuventræ mot Frøya og Kjelsås 2, medan det blei tap mot Fyllingsdalen på bortebane. Morgendagens motstandar, Grei, er nyopprykka og har starta tilværelsen i 3.divisjon med siger mot Ready og to nederlag på bortebane. 

Steffen Kvamsdal, som hadde ein nydeleg assist til det fyrste målet på søndag, forventer ein ny tøff kamp, men ambisjonane er krystallklare! 

- Det blir nok ein ny tøff kamp mot ein ukjent motstandar for vår del. Men eg har forventninger om å reise heim igjen med 3 poeng i bagasjen, seier Steffen Kvamsdal offensivt.

Status Os-troppen 

Kristian Halvorsen, som pådrog seg brot i armen i oppkjøringa er framleis utilgjengeleg. Det same gjeld Mathias Dahl som fekk seg ein strekk i oppvarmingen før førre kamp. Det er også diverse sjukdom i troppen. Thomas Spilde som har vore ute med skade og sjukdom i sesongstarten, er tilbake til kampen mot Grei. 

Me ynskjer herrene våre lukke til, og krysser fingrane for årets fyrste bortesiger!

magnorvinduet-538x93-1.png

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Lyn 1896 FK Lyn 1896 FK 6 4 2 0 14 6 8 14
2 Skeid 2 Skeid 2 6 4 2 0 13 6 7 14
3 Grorud 2 Grorud 2 6 4 1 1 13 4 9 13
4 Os Os 6 4 1 1 12 8 4 13
5 Nordstrand Nordstrand 6 4 0 2 15 7 8 12
6 Sandviken Sandviken 6 3 1 2 12 11 1 10
7 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 6 2 0 4 13 15 -2 6
8 Ready Ready 6 2 0 4 7 9 -2 6
9 Lokomotiv Oslo Lokomotiv Oslo 6 2 0 4 6 11 -5 6
10 Frøya Frøya 6 2 0 4 6 12 -6 6
11 Oppsal Oppsal 6 1 2 3 10 13 -3 5
12 Kjelsås 2 Kjelsås 2 6 1 2 3 6 10 -4 5
13 Stabæk 2 Stabæk 2 6 0 4 2 6 13 -7 4
14 Grei Grei 6 1 1 4 7 15 -8 4

Annonse: