
Påmelding Magnor Vinduet Fotballskule 2025
Få ein strålande start på sommarferien med lærerike og morsame dager på MagnorVinduet Fotballskule 24.-26.juni!
PÅMELDING: Magnor Vinduet Fotballskule 2025
Tradisjon tru inviterer me i samarbeid med generalpartneren vår, Magnor Vinduet, til fotballskule for born og unge i alderen 1-10.trinn i veka etter skuleslutt.
Fotballskulen har avspark alle dagar kl. 09:00 og blir avslutta kl. 14:15. Det vil vere mogleg å levere bornet/borna dine mellom kl. 0800-0900 og hente mellom kl. 1415-1500.
Deltakarane vil få lærerik og morosam rettleiing frå A-lagsspelarar på dame- og herrelaget, samt mange av klubbens dyktige trenarar.
Alder
Tilbodet til MagnorVinduet Fotballskule gjelder alle born og unge som har gått i 1. til 10. klasse i skuleåret 2024-2025. Det blir tilpassa aktivitet og trening for dei ulike aldersgruppene.
Vekeplan
Fotballskulen vil inneholde temadager med fokus på 1vs1 ferdigheit, pass and move og skåringsferdigheit. I mellom vil det bli lagt tilrette for mykje variert leik og moro med fokus på samarbeid og trivsel.
Mat og drikke
Alle deltakere får servert lunsj og drikke kvar dag med frukt og/eller smoothie til avslutning.
Kle deg etter vêret
Me vil i all hovudsak vere ute heile dagen og nytte det flotte idrettsanlegget på Kuventræ. Kle deg derfor etter vêr og vind og kom ferdig skifta til fotballskulen.
Me skal gjere vårt aller beste for at det blir tre morosame og lærerike fotball-dagar på Kuventræ!
Praktisk informasjon:
Pris:
3 DAGER: 800kr
2 DAGER: 600 kr
1 DAG: 350 kr
Søskenrabatt (søsken 2, 3 osv):
3 DAGER: 680 kr
2 DAGER: 520 kr
1 DAG: 300 kr
Påmelding
Bindende påmelding til MagnorVinudet Fotballskule og all registrering skjer her: PÅMELDING MAGNOR VINDUET FOTBALLSKULE 2025
Første mann til mølla
Første mann til mølla-prinsippet gjelder og det er begrensa antall plasser.
Hjarteleg velkommen til MagnorVinduet Fotballskule 2025!