Påmelding Midtsiden cup 2023

Få med vennegjengen, kollegaer, familiemedlemmer, kjente og kjære til MidtsidenCup 2023 - laurdag 18.november på Kuventræ!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.

Laurdag 18.november blir det futt og fart på Kuventræ når tradisjonsrike MidtsidenCup går av stabelen. 

Årets MidtsidenCup er lagt opp til fire klasser: 
Dameklasse
Bedriftsklasse
Herrar amatør
Herrar elite

Nytt i er er at to bedrifter kan slå seg saman til eitt lag i bedriftsklassen, damene kan ha maks fem aktive (ubegrensa i fjor), men slepp å passa på kor mange som er på banen samtidig, med merknad om at laget starter med baklengsmål per spelar over 3 aktive. 

I herrar amatør tel ikkje lenger oldboys eller gutar 16 som aktiv, mens herrar elite har same reglar som i fjor. Sjå reglementet nedst i saken.

Tittelforsvararane frå 2022

Dame: Godt & Blandet 
Bedrift: Elements Production 
Herrar amatør: Tatt av Vinden 
Herrar elite: Make Peter Great Again

Praktisk informasjon

Tidspunkt og pris
Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 18. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.

Aldersgrense: 16 år for gutar, 15 år for jenter (fødd i 2007/2008)
Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Påmeldingsfrist: Tysdag 14. november kl 12 
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men seinast innan 14/11.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Det er ikkje fotballgalla i år, men det blir jobba med ein festmiddag eller eit fellesvorspiel etter cupen.

Klassar og reglar

DAMER
• Ta med inntil 5 aktive. Frå aktiv nummer 3 får du mål imot (har du 5 aktive og speler mot eit lag utan aktive startar kampen 0-3). 
• Dei som har vore på banen i éin seniorkamp tel som aktiv, aldersbestemt tel ikkje som aktiv
• Aldersgrense i dameklassen er 15 år (16 år for herrar/gutar)

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, men ikkje gute-/juniorspelarar eller veteran/oldboys.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2023, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande. (Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
• Ta med så mange aktive du vil, MEN: Har du fleire enn to aktive, får du mål imot per aktive utover to. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-2.
• Alle som har spelt offisiell seniorkamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive.

GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Velkommen! 

Unknown-kopi.png

Annonse: