FFO

PÅMELDING OS FOTBALL TELENOR XTRA FFO 2024/2025

No kan du sikre bornet ditt plass på vårt populære Telenor Xtra FFO-tilbod for skuleåret 2024/2025!

Meld på her: 
PÅMELDING OS FOTBALL TELENOR XTRA FFO 2024/2025

 

- Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, og gler oss stort til eit nytt FFO-år med meir positiv aktivitet på Kuventræ, seier FFO-ansvarleg Marius Mikkelsen. 

Os Fotball si fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod etter skoletid for born i alderen 2.- 7.klasse, med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med kompetente trenarar. Det blir lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av fotballferdigheiter, mestring, trivsel og samhald. 

- I FFO-familien vår er me opptekne av å skape eit godt og inkluderande miljø med fokus på haldningar, trivsel og samhald. Hos oss er alle velkomne, og me ser fram til å ynskje nye og kjende jenter og gutar velkomne til FFO 2024/2025!

Transport, næringsrikt måltid og lærerike treningar

På FFO vil deltakarane som treng transport bli henta av vår eigne FFO-buss. 

- Me henter deltakarar frå skular i heile kommunen, frå Søfteland til Borgafjell og Lunde barneskule, og me opplever ofte at deltakarar stifter gode vennskap på tvers av skular og alder, som er veldig kjekt.

Når deltakarane er ankommet Kuventræ, venter eit sunt og næringsrikt måltid, eventuelt lekser eller sosialt samvær om ein er tidleg ferdig på skulen, før det er klart for ei god fotballtrening med kompetente trenarar. 

Alle deltakarane på FFO får også bestille eigen utstyrspakke. 

- Me gler oss til å ynskje ditt born velkommen til FFO, og me vil gjere alt me kan for at ditt born vil trives, føle mestring og tilhørighet, bli sett, og utvikle seg både som person og fotballspelar, avslutter Mikkelsen. 

FFO-ansvarlig

Annonse: