
PÅMELDING OS FOTBALL TELENOR XTRA FFO 2025/2026
Os Fotball sin Telenor Xtra Fotballfritidsordning byr på fotballglede, mestring, utvikling og vennskap - på og utafor fotballbana og på tvers av alder og skule! Velkommen til Os Fotball sin FFO-familie skuleåret 2025/2026!
Påmelding: PÅMELDING OS FOTBALL FFO 2025/2026
Os Fotball si fotballfritidsordning er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med kompetente trenarar for 2-7.klassingar mandag til fredag. Ditt born kan blant anna delta på det ordinære FFO-tilbodet, samt FFO Keeper, FFO Jentefotball og FFO Jenteakademiet.
På FFO er det fokus på fysisk aktivitet og utvikling av heile mennesket, der me er opptekne av gode og sunne haldningar. Me skal behandlar kvarandre med respekt, og oppmodar blant anna deltakarane våre til å gjere lekser (om det er tilstrekkelig med tid etter skuleslutt) og andre gode vaner som hygiene, folkeskikk og å rydde etter seg. Deltakarane kan få leksehjelp i den forbindelse.
På treningsfeltet blir det lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter og mestring for alle. Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø. FFO er også ein fin arena for å utvikle sosial kompetanse og knytte vennskap på tvers av alder og skule.
Kvar måned har me blant anna ei temaveke med nytt land og/eller verdensdel, der me lærer om landets fotballfilosofi, matkultur og andre varemerker for landet - som er eit populært innslag i FFO-kvardagen.
KVEN OG KORTI?
Os Fotball FFO.
Måndag: 4 - 7.klasse.
Tysdag: 2 - 7. klasse.
Onsdag: 4 - 7.klasse og 2 - 5.klasse FFO Jentefotball.
Torsdag: 2. - 7.klasse.
Fredag: Jenteakademi 5. - 8.klasse (dette er eit ekstra tilbod til den ordinære FFO´en, og dermed fullt mogleg å kombinere feks FFO måndag og/eller onsdag med jenteakademiet på fredag).