Påmelding SPV Futsalcup 2024

Siste helga før jul, fredag 20 og laurdag 21.desember, inviterer Os Fotball i samarbeid med Sparebanken Vest til fartsfylt futsalcup i Oshallen. Set saman eit vennelag eller meld på laget ditt, og hiv deg med på moroa!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

Tradisjon tru inviterer Os Fotball i samarbeid med Sparebanken Vest til futsalcup, inkludert bading i Osbadet, i førjulstida.

Fredag 20.desember kl. 18.00 blåses cupen i gang for dei yngste ungdomsklassane: gutter 13, gutter 14, jenter 13/14 og jenter 15/16 år, før dei eldste klassane går av stabelen laurdag. Det blir gruppespel etterfulgt av sluttspel i alle klassar, og kamper på 1x17 min. 

Klassar:

  •  G13 (2011), G14(2010), G15 (2009), G16/17 og senior.
  •  J13/14, J15/16 og senior. 

Me presiserer at både klubblag og vennelag kan melde seg på. 

Diverse informasjon: 
Spelform: 5 vs 5 (inkludert keeper) på håndballbane.
Speletid: 1 x 17 min.
Ball: Futsal-ball.
Regler: Vanlige fotballregler, men innspark i stedet for innkast.
Pris: 200 kr pr.spelar (dekker cup og bading). Betaling skjer samla for laget før fyrste kamp!
Lagnamn: For eksempel «Bahamas United», «Supergirls» etc.
Premie: Pokal til vinnarlaga og premiering av turneringens beste spelar i kvar klasse.

Påmelding

Påmelding sendes til marius@osfotball.no. Merk påmeldinga med lagnamn, klasse og kontaktperson. 

Frist for påmelding er fredag 13.desember. 

Dette blir fres - meld på i dag! 

 

Annonse: