PÅMELDING SPV OS AKADEMIET 2024/2025

Elsker du fotball og ynskjer å trene meir? SPV Os Fotball Akademiet er eit ekstra fotballtilbod for ekstra ivrige ungdommer i alderen 7.-10. klasse. Tilbodet er leia av høgt kvalifiserte trenarar, som har fokus på utvikling på og utafor bana! Bli del av eit spennande, utviklingsorientert og kjekt treningsmiljø på SPV Os Akademiet!

(Sebastian Plätzer er ein av mange talentfulle ungdommer som har delteke på fleire av klubbens ekstratilbod og har no teke steget til A-laget. Foto: Midtisiden.) 

Meld på her: PÅMELDING SPV OS AKADEMIET 2024/2025

Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar. Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. 

RETTLEIING FRÅ HØGT KVALIFISERTE TRENARAR

Endre Brenne, Zsolt Korcsmar og Lars Henrik Bakkerud er ansvarlege for det sportslege tilbodet.

Endre Brenne er sertifisert UEFA A-trenar og er hovudtrenar for Os sitt herrelag, i tillegg til eigen spelarerfaring frå elitenivå på Island der han blei cupmester. Endre har også mange år som spelar for Os og jobba som spelarutviklar i klubben i lang tid, samt han er klubbens daglege leiar.  

Zsolt Korscmar er sertifisert UEFA B-trenar og er assistenttrenar for Os sitt herrelag, i tillegg til eigen spelarerfaring frå den største fotballscenen der han har duellert med fleire av verdens beste fotballspelarar. Ungareren har 26 landskamper for Ungarn, samt han har spela i Tysland, Ungarn, Brann og vunnet serie- og cupgull med FC Midtjylland i Danmark. 

Lars Henrik Bakkerud er sertifisert UEFA PRO-trenar og har lang erfaring som spelar og trenar. Som aktiv var han ein viktig brikke for Brann på 90-tallet, samt han var utenlandsproff i Hellas og svenske Helsingborg, der han også blei svensk mester. Som trenar har han jobba som spelarutvikler i blant anna Helsingborg og aldersbestemte landslag i Sverige, samt han har vore hovudtrenar i Fredrikstad og fleire klubbar i norsk toppfotball, og tidligare sportssjef hos oss i Os Fotball. 

UTVIKLING - PÅ OG UTAFOR BANA!

SPV Os Fotball Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane ynskjer me å vektlegge det fysiske, mentale og sosiale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner, samt ha fokus på samhold og vennskap!

PRAKTISK INFO

SPV Os Fotball Akademiet: 7.- 10. klasse.

 

Måndag ettermiddag: 2012-kullet

Fredag ettermiddag: 2009 - 2011-kulla.

Ettermiddagsøkter i tidsrommet kl. 1430-16.30

 

Morgontrening onsdag: 2011 og 2012

Morgontrening torsdag: 2009 og 2010

Morgonøkter i tidsrommet kl. 06.30 - 07.45

 

Differensierte grupper etter alder og motivasjon. 

I tillegg vil alle deltakarar på akademiet få tilbod om:

- Helgesamling

- Foredrag frå fagpersoner innen mental trening, kosthold og ernæring, MOT (antirasisme) og fysisk trening. 

- Individuell oppfølging og spelarsamtalar (utviklingsmål, videoanalyse).

 

MÅNADSPRIS:

Fredag/måndag: 500 kr. pr.mnd. 

Morgenøkt + ettermiddagsøkt 750 kr.pr.mnd. 

Henting: Me henter på alle skular i Bjørnafjorden, og ved ferjekaier om spelarar frå Fusa-sida eller Tysnes ynskjer å delta. 

Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

SPV Os Fotball Akademiet FYLGJER SKULERUTA TIL BJØRNAFJORDEN KOMMUNE.

 

 

 

Annonse: