Påmelding SPV Os Futsalcup 2023

Siste helga før jul, fredag 15 - søndag 17.desember, inviterer Os Fotball i samarbeid med Sparebanken Vest til fartsfylt futsalcup i Oshallen. Set saman eit vennelag eller meld på laget ditt, og hiv deg med på moroa!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

Futsalcup og bading i Osbadet

Cupen startar kl. 18.00 på fredagen, og kl. 09.00 på laurdag (ta kontakt om det er spesielle ynskjer), og det blir gruppe- og finalespel for alle klassar. Det blir også ein lengre pause mellom nokre kampar for å ha tid til bading i Osbadet. 

Ny seniorklasse

Etter stor etterspørsel utvider me i år, frå å vere ein futsalcup for ungdom, til å også arrangere cup for seniorklasse. Ungdomsklassen blir gjennomført fredag og lørdag, medan seniorklassen følger opp med spel på lørdag, og muligens søndag om mange påmeldte.

Klassar: 
G13, G14, G15, G16 og Senior (G17 og eldre)
J13, J14/15, J16/17  og Senior (J19 og eldre) 
 

Diverse informasjon: 
Spelform: 5 vs 5 (inkludert keeper) på håndballbane.
Speletid: 2 x 8 min.
Ball: Futsal-ball.
Regler: Vanlige fotballregler, men innspark i stedet for innkast.
Pris: 150 kr pr.spelar (dekker cup og bading). Betaling skjer samla for laget før fyrste kamp!
Lagnamn: For eksempel «Bahamas United», «Supergirls» etc.
Premie: Pokal til vinnarlaga og premiering av turneringens beste spelar i kvar klasse.

Påmelding

Påmelding sendes til endre@osfotball.no. Merk påmeldinga med lagnamn, klasse og kontaktperson.

Frist for påmelding er fredag 8.desember. 

Dette blir fres - meld på i dag! 

spv-ms-tile-wide.png

 

Annonse: