Påmelding til Os Fotball Kiwi Bama Cup 2023

Det er med stor glede me kan invitere til storslått fotballfest på Kuventræ; velkommen til Os Fotball Kiwi Bama Cup 2023 den 2.- 3.septemeber!

2.- 3.september har me enorm glede av å invitere til fotballfest for jenter og gutar i alderen 6-12 år på Kuventræ! Os Fotball Kiwi Bama Cup er ein unik fotballoppleving med fokus på sunne verdiar frå Eat Move Sleep-konseptet med ein rekkje spennande aktiviteter, i tillegg til å vere ein fartsfylt fotballturnering! 

Os Fotball Kiwi Bama Cup er ein unik fotballoppleving

— Velkommen til Kuventræ 2-3.september

Påmelding

Me tek sikte på å at årets turnering kan vere eit høgdepunkt for både spelarar, leiarar og tilskodarar! Plott det inn i lagets turneringskalender og opplev fotballfesten på Kuventræ ved å melde laget på her: PÅMELDING OS KIWI BAMA CUP 2023

Jenter og gutar skal få utfolde seg i treer-, femmer-, sjuer- og nierfotball. Alle lag spelar minimum tre kampar á 2 x 13 minutter med påfølgande premieutdeling, og er åpen for alle som ynskjer å delta! 

Siste frist for å melde på lag er 20.august, men alle som melder seg på før 1.juni får 100kr i rabatt. 

Les meir på påmeldingsnettsida eller kontakt dagleg leiar om spørsmål (kontaktinfo under). 

Me gler oss stort og håper laget ditt vil vere med fotballfesten - velkommen!

KIWI BAMA CUP ´23.png

Kontakt Os Fotball Kiwi Bama Cup 2023

Annonse: