Påmelding til Sparebanken Vest Os Futsal Cup 2021

Fredag 17. og laurdag 18.desember arrangerar Os Fotball og Os Idrettspark futsalcup og bading for alle 13 – 16 åringar (fødd 2005 – 2008) i samarbeid med Sparebanken Vest. Set saman eit vennelag og hiv deg med!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

Klassar: G13, G14, G15/G16 og J13/J14 og J15/J16.

Cupen startar kl. 1800 på fredag og kl.10.00 på laurdag (Ta kontakt om det er spesielle ynskjer). Gruppespel og finalespel for alle klassar. Det blir ein lengre pause mellom nokre kampar for å ha tid til bading i Osbadet. 

Spelform: 5 vs 5 (inkludert keeper) på håndballbane.
Speletid: 1 x 15 min.
Ball: Futsal-ball.
Regler: Vanlige fotballregler, men innspark i stedet for innkast.
Antall spelarar pr. lag: Maks 8 pr. lag.
Pris: 150 kr pr.spelar (dekker cup og bading). Betaling skjer samla for laget før fyrste kamp!
Lagnamn: For eksempel «Bahamas United», «Supergirls» etc.
Premie: Pokal til vinnarlaga og premiering av turneringens beste spelar i kvar klasse.

Påmelding

Påmelding sendes til endre@osfotball.no. Merk påmeldinga med lagnamn og kontaktperson.

Frist for påmelding er mandag 6.desember. 

Det er ope for maks 8 lag i kvar klasse, så ver tidleg ute med påmelding. Fyrste mann til mølla. 

IMG_8820.JPG

 

 

Annonse: