Påmelding til SPV Os Akademiet 2022/2023
SPV Os Akademiet er eit ekstratilbod for alle ivrige fotballspelarar i 7. til 10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest!
PÅMELDING: SPV OS AKADEMIET 2022/2023
SPV Os Akademiet er eit ekstra treningstilbod til ungdom med stor treningsiver og motivasjon utenom fellestreningar. Hovudtrenar og assistent-trenar på herrelaget, Endre Brenne og Zsolt Korcsmar, har hovudansvar for det sportslege opplegget.
Os Fotball ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ, og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Me har mange unge lovande spelarar i rekkene, og fleire av akademi-spelarane våre har gjennom åra vore på krets og nasjonale tiltak.
SPV Os Fotball Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane ynskjer me å vektlegge det fysiske, mentale og sosiale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner, samt ha fokus på samhold og vennskap!
PRAKTISK INFORMASJON:
Treningsdagar:
– Onsdag: morgontrening kl. 06.30 – 07.45.
– Fredag: ettermiddag kl. 14.45 – 16.15.
Utvida treningstilbud utafor sesong: annakvar/tredjekvar søndag frå november til mars.
I tillegg vil alle deltakarar få tilbod om minst ein treningshelg med fullt opplegg heile helga.
Måltid:
– Felles frukost etter onsdagsøkta.
– Mat før og etter fredagsøkta.
Transport:
– Transport til skulen etter morgontrening.
– Henting på skulen på fredager.
– Søndag må ein ordne transport sjølv.
Fokusområder i trening:
Fysisk:
– Hurtigheit – agility.
– Skadeførebyggande trening.
– Bevegelighet – koordinasjon – balanse.
Teknisk/taktisk:
– Utvikle funksjonell og hurtig teknikk – godt fyrste touch.
– Kva skjer før, under og etter ball? Persepsjon og val som angriper.
– Press og gjenvinning – intensitet og tempo. Sentralt i alt treningsarbeidet.
Mentalt:
– Eierskap til eigen utvikling.
– Tilstedeværelse, fokus og energi i treningsarbeidet!
VELKOMMEN!