Platinumpartner forlenger engasjementet
Det er ein stor glede at ein av hovudpartnarane våre, Leigland Bygg, forlenger engasjementet i Os Fotball!
"Eg har alltid vore oppteken av å støtte dei frivillige og at alle skal få like moglegheiter. Eg synst det difor er viktig å ta vare på breddeidretten, samtidig som det er ein fornuftig pyramide slik at dei som vil det kan få utvikle seg vidare", uttalte eigar i Leigland Bygg AS, Mikal Leigland, når verksemda hans kom inn som ny partner i Os Fotball for tre år sidan. Det er ein stor glede at våre gode støttespelarar frå Strandvik no forlenger engasjementet.
Mikal Leigland er frå Strandvik i Fusa og starta som fjerde generasjons byggmester, eige verksemd i 1982. I 1986 blei Leigland Bygg AS stifta, og har sidan den gang bidrege til ei rekkje bygg på Vestlandet. I dag er Leigland Bygg AS totalleverandør innan bygg og utfører alle typer oppdrag, og har lang erfaring med ferdighus, elementproduksjon, takstoler og andre byggmester-, ingeniør- og arkitekturtenester. Dei produserer elementer og takstoler på eigen fabrikk i Strandvik, og er sertifisert som miljøfyrtårn.
- Me er enormt glade for at Leigland Bygg gjev oss fornya tillit og er med vidare! Strandvik-kongen er ein sentral bidragsyter og god sparringspartner både på og utafor bana, og vore til stor hjelp sidan dei kom inn som partner for tre år sidan. Me ser fram til eit godt samarbeid vidare, seier ein tydeleg glad Endre Brenne.
Besøk støttespelaren vår på nett her: Leigland Bygg
Me set stor pris på at Leigland Bygg gjev oss fornya tillit med forlenga engasjement, og gler oss til vidare samarbeid!