Poengdeling i toppkampen

Det blei ein fartsfylt og målrik toppkamp mot Skeid 2 på laurdag.

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

Herrelaget tok i helga i mot tabelltoer Skeid 2 til dyst på Kuventræ. Våre menn starta godt og tok leiinga ved Henrik Tysse Sperrevik i det 19.minutt. Etter ein perfekt gjennombrotspasning frå nevø Sebastian Plätzer, sprang Sperrevik i frå forsvaret før han heiv seg fram og tuppa ballen forbi Skeid sin sisteskanse og i mål. 

Etter eit godt åpningskvarter, begynte også Skeid å vise fram sine kvaliteter. Berre tre minutter etter målet utlikna gjestane etter ein dødball, og Skeid tok meir og meir over banespelet utan å skape de store sjansane. Våre menn var kompakte og kontra med kraft og tempo.

I det 37.minutt braut spydspiss Roger Blokhus Ekeland ein tversoverpasning i Skeid-forsvaret. Frå midtbana sprang han så i frå forsvararane med ball i beina før han iskaldt chippa ballen forbi keeper og i nettet. Toppskåraren sin 100.skåring i toppfotballen. Os var tilbake i føringa, men nok ein gang svarte Skeid umiddelbart. Etter gode motsette bevegelser kom Skeid igjennom Os-forsvaret og sørga for balanse i målprotokollen før pause. 

Etter sidebyttet held kampen fram med å svinge i begge ender av bana. Gjestane sitt høge press var til tider utfordrande i sterk motvind for våre menn, men våre lukkast fleire gangar med frispelinga og skapte sjansar. I det 77.minutt entra hattrick-helten frå Åsane-kampen, Niklas Lunde Fosen, banen etter eit skadeavbrekk. Fosen markerte seg raskt med gode involveringer, og etter fire minutter på bana sendte angriperen Os i føringa for tredje gang i oppgjeret. Men nok ein gang kom Skeid 2 tilbake med ein ny skåring i det 86.minutt. 

Både Ekeland og Skeid 2 hadde kvar sin store sjanse på tampen til å avgjere, men toppkampen enda 3-3 og poengdeling. 

Herrene våre er difor framleis ubeseira på Kuventræ i årets sesong, og held tritt i toppen av tabellen, fire poeng bak serieleiar Nordstrand. Neste utfordring er Lokomotiv Oslo på bortebane på søndag, før det er duka for cupfest mot Brann onsdag 22.juni. 

Kampfakta: 

Os - Skeid 2: 3 - 3

Os: Kasper Sandven Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Marius Haugland Mikkelsen (K) (Petter Hilton ´77), Torkel Hjertnes - Torgeir Lunde, Kristian Hjelvik Halvorsen, Sverre Spangelo Haga, Eirik Rysjedal (Niklas Lunde Fosen ´77) - Sebastian Plätzer (Rafael Villen ´66), Henrik Tysse Sperrevik (Jonas Hovland ´91) og Roger Blokhus Ekeland.  

Dagens osing: Kristian Hjelvik Halvorsen

Norsk Tipping-ligaen avd. 3

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 22 16 1 5 74 39 35 49
2 Djerv 1919 Djerv 1919 22 14 5 3 58 30 28 47
3 Askøy Askøy 22 12 7 3 40 26 14 43
4 Fana Fana 22 12 2 8 61 45 16 38
5 Vard Haugesund Vard Haugesund 22 11 5 6 57 41 16 38
6 Brann 2 Brann 2 22 10 6 6 54 42 12 36
7 Austevoll Austevoll 22 9 6 7 42 49 -7 33
8 Førde Førde 22 9 4 9 41 48 -7 31
9 Sogndal 2 Sogndal 2 22 8 3 11 56 46 10 27
10 Varegg Varegg 22 6 5 11 35 43 -8 23
11 Stord Stord 22 4 9 9 41 59 -18 21
12 Åsane 2 Åsane 2 22 4 7 11 38 52 -14 19
13 Gneist Gneist 22 5 3 14 35 62 -27 18
14 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 22 1 3 18 19 69 -50 6

Annonse: