Poengdeling mot Fana

Herrelaget spela 1-1 mot Fana på Varden Amfi!

Laurdag tok herrelaget turen til Varden Amfi for å møte Fana IL Fotball til 2.serierunde i Norsk Tipping-ligaen. Det enda med poengdeling.

- Det var ein jamn kamp, dei har ein omgang, vi har ein omgang. Sjansemessig, så har vi fleire store sjanser enn dei (Fana), men overall er vi nøgd med eit poeng når vi blir ein mann mindre i 2.omg, sa vår målskårar Sander Fagerbakke Kvittingen i videointervju med Hordalandsfotballen etter kampen. 

Det var Os som åpna best og skapte eit par små farligheiter. I det 23.min forserte Steffen Kvamsdal forbi eit par Fana-spelarar og blei på uregelmessig vis stoppa på 20 meter. Kristian Halvorsen la ballen til rette og curla ballen med stor kraft over muren i retning nettmaskene. Fana sin sisteskanse fekk med eit naudskrik, og god hjelp av aluminiumet, avverga frisparket frå venstreslegga til midtbanedirigenten vår, men på returen kunne Sander Fagerbakke Kvittingen enkelt sende Os i leiinga i det opne buret. 

233047213_4286071221459902_9045449484165808700_n.jpg
Sander Fagerbakke Kvittingen sendte Os i føringa mot Fana (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)

Fana tok så over banespelet, men utan å truge Os nevneverdig. Begge lag får nokre halvsjanser, før Fana på overtid av fyrste omgang utlikna etter klabb og babb i Os-boksen. Kampleiaren sendte laga til pause like etter. 

2.omgang kan oppsummeres med at Fana hadde mest ball, men Os skapte dei største sjansane. I det 73.minutt blei våre menn redusert til 10 mann når Anders Hjelle Havsgård blei tildelt sitt andre gule kort for dagen. Os kjempa som heltar, og viste enorm innsats og moral, som gjorde at Fana hadde store problemar med å skape store målsjansar.

Sjølv om Fana hadde eit visst trykk, var det Os som var farligst frampå. Stort bakrom er ein draum for hurtige Thomas Stene Spilde, som utover i 2.omgang var farleg frampå ved fleire anledningar. I tillegg fekk Torkel Hjertnes ein stor moglegheit etter ein daudball, og ikkje minst var Sander Lønne Dyngeland svært nære å skåre mot barndomsklubben på akrobatisk vis. Frå 8-10 meter hang han i lufta og brassesparka ballen mot mål. Han traff klokkereint, men uheldigvis for Dyngeland, stod målvakten riktig plassert - for eit praktmål det hadde blitt! 

Fana trykka på for sigersmål, men våre menn stod i mot, og kunne dermed innkassere eit nytt poeng med heim til Os.

Tusen takk til alle osingar som støtta opp under våre menn på Varden Amfi - fantastisk entusiasme! 

Neste kamp for herrelaget er laurdag kl. 16.00 mot Fjøra på Kuventræ - vel møtt til den! 

Kampfakta: 

2.serierunde i Norsk Tipping-ligaen avd. 4
Varden Amfi

Fana - Os: 1-1

Målskårar Os: Sander Fagerbakke Kvittingen (Kristian Halvorsen) 

Os: 

Kasper Sandven Færøvik - Torgeir Lunde, David Cardenas Trias, Carl-William Lafquist-Lygre, Anders Hjelle Havsgård - Kristian Hjelvik Halvorsen, Torkel Hjertnes, Steffen Kvamsdal, Kristoffer Røttingen - Sander Fagerbakke Kvittingen og Thomas Stene Spilde

Innbyttarar med speletid: 

Sander Lønne Dyngeland
Simon Søvik Moberg

Alle bilete er teke av Trond Gausemel i Hordalandsfotball. 

Annonse: