Poengdeling mot Stabæk 2

Det blei jamnt i gårsdagens kamp mot Stabæk 2 på Kuventræ. Kamphanane hadde kvar sin omgang og store sjanser, men gode burvoktere og marginer sytte for at oppgjeret utruleg nok enda mållaust.

Foto: Hordalandsfotball, arkivfoto. 

- Vi har ein svak første omgang, der me blei for passive i pressspelet, gjer ballen enkelt vekk og lar dei styre banespelet. Marginer og ein god Kasper i målet gjer at me går til pause utan baklengs, seier hovudtrenar Endre Brenne.

Med kvikke bein, gode tekniske ferdigheiter, og presist og hurtig kombinasjonsspel på små flater, spelte Stabæk sine unge lovande rekrutter våre menn lågt i bana i 1.omgang. Ein god Kasper Færøvik varta opp med fleire kvalifiserte redningar, og bidro sterkt til at det stod mållaust til kvilen. 

- Eg er veldig nøgd med reaksjonen frå laget i 2.omg. Då har me eit heilt anna uttrykk; me presser framover, får til mykje meir av det spelet me ynskjer, og skaper fleire store sjansar. Det er difor litt bittert at me ikkje klarte å få oss eit mål, for me hadde momentum i store deler av 2.omgang. Men når me summerer opp, så synst eg laga hadde kvar sin omgang og det er sikkert rettferdig med poengdeling, oppsummerar hovudtrenar Endre Brenne. 

Våre menn heva seg betraktelig i 2.omgang, og skapte fleire store muligheter. Den største av dei alle fekk toppskåraren vår, Roger Ekeland. Kaptein Torgeir Lunde braut ein Stabæk-pasning høgt i banen og serverte Ekeland på blank kasse. Til fortvilelse for alle osingar gjekk dessverre avslutninga over mål. 

På tampen av kampen blei gjestane frå Bærum redusert til 10 mann når ein utrustande Stabæk-keeper stoppa Ekeland på ulovleg vis. Når Stabæk-benken i tillegg hadde brukt opp alle bytta sine, måtte ein av utespelarane ta plass i buret dei siste minutta. Jonas Fagerbakke Hovland, Niklas Lunde Fosen og Petter Hilton forsøkte å overliste den ferske målvakta i sluttminutta, men det blei med nesten. Stabæk 2 stod i mot presset, og det enda dermed med poengdeling. 

Neste kamp for herrelaget er allereie på laurdag kl.14.00 når Ready kjem på besøk til Kuventræ. Bli med og støtt herrene våre tilbake på sigerssporet! 

Kampfakta: 

5.serierunde Norsk Tipping-ligaen avd.1
Os - Stabæk 2: 0-0

Dagens osing: Kasper Sandven Færøvik 

Kampsponsor Tind Økonomi

Startoppstilling: 
Kasper Sandven Færøvik - Anders H. Havsgård, Petter Hilton, Jonas F. Hovland - Sverre S. Haga, Torgeir Lunde (K), Steffen Kvamsdal, Thomas Stene Spilde - Niklas Lunde Fosen, Henrik Sperrevik og Roger Ekeland. 

Innbyttarar med speletid:
Sander Dyngeland for Spilde 72.min.

magnorvinduet-538x93-1.png

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Haugesund 2 Haugesund 2 3 1 1 1 3 3 0 4
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
12 Frøya Frøya 3 0 0 3 2 8 -6 0
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

 

Annonse: