Praktisk informasjon før Brann-kampen

Kuventræ er rigga til folkefest når herrene våre i morgon skal få måle krefter med sjølvaste Sportsklubben Brann i 2.runde i Norgesmesterskapet. Her finner du litt praktisk informasjon før cupfesten.

Før kamp:


Kampstart er kl. 18.00, men me oppmodar flest mogleg til å komme i god tid då det vil bli mykje trafikk i minuttane før kampstart. I tillegg vil det vere underhaldning med Os og Fusa som har TV studio, minibaner for born, fotball-dart og mykje anna moro før kampstart. 

Parkering:

Me oppmodar flest mogleg til å gå/sykle, eller samkjøre til Kuventræ i morgon. Me har parkering i Industrivegen og Kuventræ, men har begrensa kapasitet slik at det er flott om dei som har moglegheit tek ein liten trimtur til kampen eller reiser med kollektivtransport. Om du kjem med bil kan du sjå ein oversikt over parkeringsmoglegheitane under:

Parkering.png

1. Espira Ulvenvatnet barnehage (frå kl. 17.00) 
2. Espira Kuventræ barnehage (frå kl. 17.00) 
3. Lyssand Gartneri (frå kl. 17.00)
4. Os ASVO (frå kl. 17.00)
5. Os vidaregående skule (frå kl. 16.30)
6. Bohus (delvis frå kl. 16.30. All parkering frå kl. 18.00)
7. Varhaug barnehage (frå kl. 17.00) 
8. Kuventræ stadion/Osbadet
9. Kuventræ gravplass

Langtidsparkering hos Kiwi Idrettsvegen. 

Billettar: 

Det er snart utselt med i overkant av 2000 tilskodarar. Det vesle me har igjen av billettar sel me på klubbhuset i morgon og timane før kampstart. Om du ikkje har sikra deg billett så kom opp til klubbhuset i morgon frå kl. 09.00 og utover. Når det blir utselt vil me legge ut informasjon om dette.

Det er "free seating" på tribunane, men me vil lage til supporterfelt på den nye tribuna (i hjørna med måltavla) der Tore Kleppe er klar for å piske opp stemninga. Her ynskjer me at alle born og unge i klubben samlar seg, så byr me bataljonen til dans med å lage mest lyd! Bortefeltet er på hovudtribuna nærast reiskapshuset. 

Bortebilletter kan kjøpes her: Billettsalg bortetribune

Drakt - bli med å farge Kuventræ gul og svart

Det er veldig kjekt om mange av våre unge håpefulle (og vaksne) kjem i Os-drakt slik at me fargar Kuventræ gul og svart! Me vil og selge skjerf og supporter t-skjorter i forkant. 

Kiosk: 

Det blir satt opp tre kioskar, strategisk plasser rundt anlegget. Vår flotte dugnadsgjeng med Elisabeth i spissen byr på ein rikhaldig meny med herlege fristelsar i timane før og under kamp. 

Dette blir ein fantastisk folkefest og det er berre å glede seg! Herrene er klare for å gje full gass på bana, og saman med vår 12-mann på tribuna, detonere ei ny cupbombe på Kuventræ! 

Velkommen til cupfest! 

magnorvinduet-538x93-1.png

 

Annonse: