Praktisk informasjon før KIWI BAMA CUP

Årets høgdepunkt på Kuventræ er like rundt hjørna - her er diverse praktisk informasjon før Os Fotball Kiwi Bama Cup 2022.

Som Eat Move Sleep-ambassadør har Os Fotball arrangert barnecuper i ei årrekkje. Til helga gler me oss enormt til ta i mot rekordmange 195 lag til ny fotballfest med fokus på Eat, Move, Sleep! 

Registrering før første kamp 

Alle lag må registrere seg i sekreteriatet i klubbhuset 2.etg. før første kamp. Her får alle lag tildelt deltakerkort etc.

Kampoppsett

Kampoppsett Kiwi Bama Cup 2022

Parkeringsoversikt

Me oppmodar alle som har moglegheit til å gå/sykle, samkjøre eller ta kollektivtransport til helgas store begivenhet på Kuventræ.

Om du kjem med bil kan du sjå ein oversikt over parkeringsmoglegheitane under: 

Parkeringsoversikt.png

1. Kuventræ idrettsanlegg
2. Espira Ulvenvatnet barnehage
3. Espira Kuventræ barnehage 
4. Os ASVO
5. Lyssand Gartneri 
6. Os vidaregående skule (frå kl. 16.30)
7. Bohus (delvis frå kl. 16.30. All parkering frå kl. 18.00)
8. Varhaug barnehage (frå kl. 17.00) 
9. Langtidsparkering hos Kiwi Idrettsvegen. 
10. Kuventræ gravplass

Me oppmodar biler frå Øyane, Nore Neset, Søre Neset og Halhjem til å parkere i Industrivegen. 

Trening for vaksne med Torill Bakke og Jonny Tonheim

På årets arrangement vil det også vere mogleg for vaksne å få seg ei 15 minutters treningsøkt. Fysioterapeut og personlig trenar på EVO Fitness, Torill Bakke, samt instruktør på Sprek og Blid, Jonny Tonheim, vil gjennomføre fleire pop-up treningsstands under arrangementet. Ta med treningsklede og få mykje treningsglede! 

Velkommen til Kiwi Bama Cup på Kuventræ!

 

 

Annonse: