Rune Åsheim Mo er klar for nye utfordringar!

Kompetansen i Os Fotball er ettertrakta; vår dyktige spelar og trenar, Rune Johan Åsheim Mo, har fått ny jobb som hovudtrenar for Åkra i 3.divisjon!

- Rune har tjent klubben på ein flott måte sidan 2019, og er ein dyktig fagmann og flott person som byr på seg sjølv og har gode verdiar! Han vil bli sakna på Kuventræ og er alltid velkommen tilbake. Me ynskjer han mykje lukke til vidare i ny jobb, som eg trur han kjem til å beherske bra, seier ein vemodig Endre Brenne! 

Rune har i løpet av sine tre år i Os Fotball hatt ein sentral rolle i klubben. Han har vore ein av bærebjelkane på herrelaget, arbeida i administrasjonen, samt hatt trenarengasjement over fleire år i ungdomsfotballen, FFO og SPV Os Akademiet. Og uansett arena har han med sitt vennlege og imøtekommande vesen teke vare på alle rundt seg, og spreidd energi, godt humør, pågangsmot, profesjonalitet og kunnskap, fortel FFO-leiar Marius Mikkelsen. 

- Me har alle blitt veldig glade i Rune, og kjem til å sakne hans positive vesen! Han er ein dyktig pedagog, menneskekjenner og fagmann, som med sin profesjonalitet, entusiasme og genuine interesse for andre har gjort ein fantastisk jobb for born, ungdom og vaksne i bygda. Åkra har verkeleg skaffa seg ein god mann! Me gler oss på Rune sine vegne og ynskjer han mykje lukke til med neste kapittel, uttaler Mikkelsen om sin avtroppande kollega. 

Innovativ og initiativrik

Den hardtarbeidande Sunde-karen er også innovativ og initiativrik, og har vore ein foregangsfigur for E-sportsatsinga og Gatelaget sin eigen gatecup. I tillegg har han i løpet av tida i Os utvikla treningsappen CoachYou, eit treningsverktøy for ulike idrettar - noko han har kombinert med arbeidet i klubben. Han vil fortsette å kombinere eiga gründerverksemd med sin nye trenerjobb for 3.divisjonslaget Åkra. Hovudpersonen sjølv beskriver tida si i Os Fotball som fantastisk.

- Tida mi i klubben har vore heilt fantastisk på mange måtar! Eg har vore i verdas beste arbeidsmiljø, der vi kan både vere gode vener og kollegaer. Frå eg kom i 2019, vil eg seie at eg har hatt ei bratt læringskurve både som person og fagleg inn mot fotball. Det er nok ein av grunnane til at eg forlater klubben i dag. Ellers så har eg blitt kjent med utruleg mange fantastiske mennesker, som eg kjem til å ha med meg videre i livet! På toppen av alt så har eg fått samboer, barn og hund i denne perioden. Eg tek med meg mange minner for livet, fortel Rune som seier at spesielt samhaldet og miljøet sit igjen som sterke minner. 

- Dei beste minna mine må vere timane eg har hatt i lag med gode kollegaer på FFO og teamet rundt A-laget. Dette samhaldet og vennskapa kjem eg til å huske og sakne på det sterkaste!

27-åringen var spelande assistent for herrelaget i 2019, og har fleire år med erfaring som ungdomstrenar og gjennomført UEFA B-trenarkurs. Engasjementet i Åkra blir hans fyrste jobb som hovudtrenar på seniornivå, noko som trigger han! 

- Eg synst det er spennande! Eg kjenner at denne oppgåva trigger meg, og eg vil legge ned mykje arbeid for at det blir gjort på ein god måte. Det blir ei veldig fin utfordring for meg, der eg garantert vil møte på både motbakkar og utfordringar som eg ikkje har vore i tidligere. Så eg er spent, og har trua på ei bratt læringskurve både for meg og spelarane mine!

Me har blitt kjent med deg som ein klok, ballsikker og pasningssterk midtbanespelar på bana, kven er du som trenar? 

- Eg trur eg vil vere lik Rune Mo på banen som trener på ein del ting. Eg ynskjer at laget mitt skal kunne dominere med ball i faser av spelet. Ein skal ikkje skyte vekk ballen på måfå. Samtidig er eg oppteken av at vi skal kunne identifisere rom og moglegheiter motstanderen gjev oss. Så å kunne balansere det å vere trygg med ballen, men og velge den enklaste vegen til mål om moglegheiten er der. Eg vil at vi skal vere dyktig i omstillingsfasen både med og uten ball. Ting skal skje hurtig!

Kva ambisjonar har du som trenar?

- Mine ambisjoner er i utgangspunktet å gjer ein best mogleg jobb der eg er. Bruke tid og ressurser på å gjere laget mitt best mogleg. Det som kjem tek eg deretter. Men som spelar har eg alltid vore oppteken av å gjer ting skikkelig, vere tilstede og bli best mogleg. Dette vil eg og ta med meg inn i trenarvirket. Så får vi sjå kor det tek meg til slutt. 

Betyr dette at du legger skoa på hylla? Kva tenker du om det i såfall?

- Ja eg gjere i utgangspunktet det. Tanken min rundt det er at det sjølvsagt er trist. Ein vil miste noke som har vore ein heilt sentral del av livet mitt. Det å spele fotball er verdens kjekkeste ting. Gløym pc, gløym mobil og andre sosiale plattformer. Idretten, garderoben, vennskap og det å strekke seg mot noko, det er absolutt prima! Grunnen til denne brå slutten som spelar er egentleg på grunn av at eg har slete ein del med kroppen. Eg tipper eg kan telle på ei hånd kor mange fulle veker eg har hatt med trening det siste året. Dette har også påverka motivasjon min. Eg har ei viss forventning til meg sjølv og mine ferdigheiter som eg ikkje klarer å innfri på bakgrunn av dette. Så då tenker eg at eg kan bidra meir i min nye jobb som trener.

Lokalderby som avskjedskamp

Din siste kamp i Os-trøyo blir i lokalderbyet mot Lysekloster, kva tanker har du om den kampen?

- Det blir utrulig kjekt! Det kjem til å bli ei fantastisk ramme rundt kampen, så eg gler meg! Kampen i seg sjølv ser eg for meg blir tett og jevn, der eg sjølvsagt har forventninger om at vi vinner.

Har du nokre avskjedsord til alle på Kuventræ?

- Tusen takk for fantastiske år! Alt fra styre, sponsorer, ansatte, spelarar og foreldre! Det blir gjort ein fantastisk jobb fra topp til tå. Held fram med å ta vare på kvarandre, fortsett med smil, latter og god aktivitet! Dette gjer Os fotball-familien tipp topp! 

Me takker Rune for den gode innsatsen i denne omgang, og satser på at våre veger møtes igjen! Lukke til med neste kapittel! 

Rune HF.jpg
Ny utfordring i sikte! Me ynskjer Rune lukke til vidare i Åkra, og takker for tida i Os Fotball (Foto: Hordalandsfotball).

 

Annonse: