Samarbeidsavtale med Jadakameratene: - Samarbeidet har blitt veldig bra dei siste åra!

Os Fotball og Jadakameratene inngår samarbeidsavtale!

Os Fotball og Jadakameratene inngår samarbeidsavtale med mål om å skape forutsigbarhet og å videreutvikle barne- og ungdomsfotballen i Os. Begge klubbane skal helde fram med det gode arbeidet med rekruttering og aktivitet for born og unge 6 - 11 år, før klubbane vil slå saman spelar- og trenerkrefter det året spelarane fyller 12 år.

Samarbeidet mellom klubbane har blitt veldig bra dei siste åra!

— Ole Andreas Pettersen, styreleiar Jadakameratene

- Samarbeidet mellom klubbane har blitt veldig bra dei siste åra! Særlig overføringa av spelarar frå oss til Os Fotball har vore bra - både korleis me har blitt teke i mot og korleis ein har jobba med teambuilding og det sosiale. For at overgangen til ny klubb skal bli så god som mogleg trur me også det er viktig at trenerkrefter og vaksne følgjer spelarane ved samanslåing av lag, slik at borna blir trygge i eit nytt miljø, seier Ole Andreas Pettersen, styreleiar i Jadakameratene. 

- Eg trur dette blir veldig bra og avtalen gjev begge klubber forutsigbarhet og tydelege rammer!

Endre Brenne er også svært glad for samarbeidet og legger til at klubbane også vil samarbeide om utstyr og kompetanseheving blant trenarar - for å legge tilrette for best mogleg aktivitet i begge klubber. Jadakameratene sine trenarar vil bli invitert til klubben sine trenarsamlinger/forum for 6-12 år, samt at Os Fotball stiller seg disponibel til å gjennomføre fleire samlinger i året for Jadakameratene sine trenarar. Når det gjeld utsyr har klubbane allereie spleisa på 3v3-baner - som gjev utruleg god aktivitet for dei minste fotballspirene.

Brenne og Pettersen håper avtalen blir så sterk og fungerande at det blir ein del av kulturen og tradisjonen mellom klubbane, og at samarbeidet ikkje er personavhengig.

Me gler oss til vidare godt samarbeid med Jadakameratene!  

Annonse: