Serieopning i 2.divisjon for damelaget
Det er endeleg duka for serieopning for damelaget i 2.divisjon; Arna-Bjørnar sine reserver kjem på besøk til Kuventræ i morgon kl. 19.00!
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.
- Eg gler meg veldig mykje, det blir gøy å kome i gang med kampar igjen. Me er klar over at det blir ein tøff sesong med vanskelige kampar, men me har sjølvsagt ambisjonar om å vinne flest mogleg av dei, seier årets kaptein Andrine Brunvatne Kvittingen før sesongstarten mot Arna-Bjørnar 2 i morgon.
Onsdag kl. 19.00 går altså startskotet for damelaget i 2.divisjon. Årets fyrste motstandar er Arna-Bjørnar 2, som landa på 4.plass i divisjonen i fjor. Det er forøvrig ein tabellplassering som såvidt gjev fornya kontrakt i divisjonen til neste sesong.
Forbundet skal nemleg redusera ifrå 8 til 2 avdelingar i 2.divisjon til neste sesong, men våre nyopprykka damer har tenkt å angripe utfordring med den same angrepsvillige fotball som førte dei til opprykk.
- Me må ha tru på det me held på med. Det er kjekkare både for spelarane og publikum om me spelar på det me er gode på frå før. Om det så fører oss eit steg tilbake før det går fram igjen. I morgon kjem fyrste test, og me gler oss enormt. Kom på kamp og støtt jentene, seier ein offensiv hovudtrenar Ørjan Sandal.
Inngang:
Sesongkort: Fri éntre
Born og unge under 16 år: Fri éntre
Vaksne (16 år og opp): 80 kr
Bli med og lag fest i vårsola; vel møtt til seriepremiere!
Heia Os!