Serieopning på laurdag

Laurdag kl. 13.00 trilles serien i gang for herrelaget når Frøya kjem på besøk til Kuventræ - det blir ein fotballfest med trikseshow, gratis is, ansiktsmaling og angrepsvillige osinger på banen!

(Foto: Hordalandsfotball)
I samarbeid med kampsponsor, Byggmester Skaatun, er det med stor begeistring me inviterer til storstilt serieopning når herrelaget tek i mot nyopprykka Frøya på Kuventræ!

Herrelaget har starta sesongen på ein oppløftande måte med å kvalifisere seg til NM etter siger mot Sund og Lysekloster på bortebane. No er det også endeleg duka for årets fyrste tellande kamp på Kuventræ, som me feirer med gratis is, ansiktsmaling og supporterhårspray til alle born og unge, i tillegg til at Sondre Aksnes varter opp med trikseshow i pausen! Hovudtrenar Endre Brenne gler seg til seriestart og håper på stor støtte frå tribunen. 

- Det blir heilt nydeleg å starte sesongen på Kuventræ! Me er godt forberedt, og eg synst me har eit spennande mannskap på gang. Me gler oss, og håper mange kjem å støttar oss slik som i lokalderbyet sist - det var formidabelt! Velkommen til Kuventræ, seier Endre Brenne og frir til vår 12-mann. 

Status Os-stallen

Våre menn har hatt ein trøblete oppkjøring med mange skader og sjukdom, men det er veldig gledeleg at mange unge lokale osinger har fått verdifull erfaring med A-laget gjennom vinteren. Etter ein trøblete start har våre menn vist ein fin progresjon, og går inn i sesongen med fire sigrar på rad, 14-0 i målforskjell og ikkje minst derbysiger mot Lysekloster førre helg. Me krysser fingrane for at denne positive utvikla held fram! 

Jonas Fagerbakke Hovland, som forøvrig skaffa seg heltestatus som matchvinnar mot Lysekloster, er tilbake frå skade, i likhet med boksåpner Niklas Lunde Fosen og kaptein Marius Haugland Mikkelsen.

På minussida er midtbaneelegant Kristian Hjelvik Halvorsen utilgjengeleg i lenger tid grunna armbrot, og fotrappe Thomas Stene Spilde, som skada seg i treningskampen mot Stord, fyrst er tilbake på banen om nokre veker. Det same gjelder nyervervelsen Mathias Dahl, som skada ankelen mot Lysekloster. 

Spelarar inn og ut

Brenne har forsterka laget med Henrik Tysse Sperrevik frå Lysekloster og Mathias Dahl på lån i frå Øygarden, samt flytta det unge talentet Sebastian Plätzer opp i stallen frå eigne rekker. I tillegg har unggutane Jonathan Mjånes Lund og Magnus Spangelo Haga hospitert med laget gjennom pre-season, samt at fleire ungdommar jamleg har fått prøve seg i trening og kamp. 

Spelarar som har forsvunnet ut er Rune Åsheim Mo (hovudtrenar Åkra), David Cardenas Trias (lagt opp), Kristoffer Røttingen (Sotra), Carl William Lafquist-Lygre (Fyllingsdalen), Sander Fagerbakke Kvittingen (trappa ned), Viktor Menonca Wikheim (Sandviken), Tobias B. Nøss (Lysekloster) og Lars Hadler-Olsen (studier). 

I frå trenerteamet har Arild Havsgård gått ut, etter mange års god innsats som lagleiar, medan Ingar Endresen har tredd inn i hans rolle. Me takker Arild for fantastisk innsats, og ynskjer Ingar velkommen inn i støtteapparatet. 

Laurdagens motstander 

Nyopprykka Frøya har vore aktive på overgangsmarkedet i vinter. Inn har laget henta rutinerte spelarar med fartstid frå høgare nivå, som blant anna goalgetter Simen Næss og mangeårig Lysekloster-kaptein Thorvald Trætteberg. Det blir også eit gjensyn med osing Mats Torp Nielsen, som har gått gradene i Os Fotball. Laget frå Melkeplassen blir nok ingen kasteball i divisjonen, og det er venta å bli ein tøff seriestart for våre menn! 

Bli med å lag fotballfest og løft herrene våre fram til siger! Velkommen til seriestart laurdag 9.april kl. 13.00!

 

Inngang: 
Sesongkort: Fri entré
Born og unge under 16 år: Fri entré
Vaksne: 80 kr

1.SERIERUNDE OS - FRØYA INSTA.png

Har du sikra deg sesongkort? 

Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpast via Vipps og hos fleire av aktørane der rabattane gjeld. 

Sesongkortet vil gje rabattar hos følgande lokale aktørar:

Monter: 30 % på håndverktøy 

Sport Norge: 15% på ordinære varer

Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)

Os Auto: 25 % på EU-kontroll 

Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler 

Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming

Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)  

Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter

- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentast i klubbhuset, samt Monter, Fargerike og Sport Norge.

Velkommen til Kuventræ på kamp! 

Sesongkort 2022 bakside.png

 

Annonse: