Seriestart for damelaget

Våre fremste kvinner tek i mot Lyngbø til seriepremiere mandag kl. 20.00 på Kuventræ!

Ungt lokalt pågangsmot mot tøff motstand


- Vi har ein ung, lokal og ivrig tropp, som sprudler av speleglede og ser fram til årets sesong! Me gler oss stort til seriestart på måndag, som blir ein solid test mot ein av favoritter til å rykke opp, uttaler hovudtrenar Ørjan Sandal. 

Motstanderen i sesongpremieren på Kuventræ mandag kl. 20.00 er Lyngbø, som saman med Brann 2, er soleklare favoritter til opprykk ifølgje Sandal. Brann 2, som tapte opprykkskvalifiseringen i fjor, venter i runde 4. Og mellom oppgjera mot seriefavorittane, står Fyllingsdalen 2 og Arna-Bjørnar 2, for tur. Dei unge, lokale spelarane våre er klare til å bite i frå seg i den tøffe sesonginnleiinga. 

- Vi får nokre fine utfordringer i starten av sesongen. Vi har mykje ungt pågangsmot og gler oss stort til dei viktige kampane kjem i gang! 

Sandal fortel om ein god oppkjøring med ein del treningskampar, der dei har fått testa seg mot motstand frå ulike nivåer. 

- Damelaget skal i hovudsak bestå av lokale spelarar, og vere eit lag for den oppvoksende jenta i nærområdet. Våre ambisjonar er å prøve utfordre dei beste når vi møter dei, og vere konkurransedyktige mot resten, samtidig som vi tek steg individuelt og kollektivt gjennom sesongen. Tabelmessig ser eg for meg at vi befinner oss i gruppa bak Brann 2 og Lyngbø, der eg meiner det er ganske åpent. Der står det nok mellom 4-5 lag som vil kjempe, avslutter Sandal. 

La oss fylle tribunen og saman hjelpe damelaget fram! 

Inngang:

Vaksne: 100kr
Born (under 16 år) og sesongkort: Fri entré
Gratis is til alle born!

Sesongkort-kampanje

I tillegg til minnerike øyeblikk, spenning, jubel og underhaldning på banen, får alle med sesongkort ei rekkje gode rabatter hos lokale aktører. Les meir om sesongkortet og fordelane her: Kjøp sesongkort og få gode rabatter hos lokale aktører

Alle som har sikra seg sesongkort innan damelaget sin seriestart mot Lyngbø mandag 7.april, er i tillegg med i trekninga av gåvekort á 300kr hos Falk Sport. Det vil bli delt ut sju gåvekort med verdi 300kr til sesongkorteigarar i pausen av damekampen 7.april. 

Me ønsker laget mykje lukke til i sesongpremieren mot Lyngbø på Kuventræ! 

 

Annonse: