Sesongen skal feires: meld deg på Os Fotballgalla 2022!

Sesongen 2022 har gjeve oss flust i høgdepunkter, og laurdag 12.november skal det feires i Oseana! Me ynskjer heile fotballfamilien i Os velkommen til storstilt feiring!

Påmelding: Påmelding Os Fotballgalla 2022

 

Programmet er spekka med godbiter:

  • Davy Wathne som konfransier! 
  • Live-musikk med Favn og Leif Østrem! 
  • Underhaldning frå scenen
  • Prisutdelinger
  • Pinnekjøtt-tallerken og god drikke. 
  • Og mykje anna moro! 

Dresskode: Pent. 

Dørene åpner 1845, mens det offisielle programmet starter 1930. 

Pris Fotballgalla og fest i Oseana:
Gallamiddag er frå kl 19.30-23 (pris 495 kroner)
Fest etter gallaen er frå kl 23-01.30 (pris 150 kroner)
OBS! Begrensa mengde plassar på galla og fest.

Midtsiden Cup på dagen - fotballgalla på kvelden

MidtsidenCup går også av stabelen laurdag 12.november, som er ein perfekt oppladning til Os Fotballgalla på kvelden! 

– Nytt i år er at også deltakarane på MidtsidenCup kan melda seg på gallamiddag, eller festen etter gallaen, begge delar i Oseana, seier dagleg leiar Endre Brenne før han fortel vidare.

– Vi har hatt rundt 180 deltakarar på gallaene vi har hatt til no, men det er plass til nokre fleire bord under middagen, og vi har plass til endå fleire når bord blir rydda vekk etter middag. Det hadde vore veldig kjekt om gatecupdeltakarar vil dela denne fine kvelden med resten av fotballgruppa!

Dameklassen er i år tilbake på MidtsidenCup, men mixklassen blir erstatta av bedriftsklassen, som slo godt an i fjor.

Det er altså lagt opp til fire klassar på MidtsidenCup 2022:
Dameklasse
Bedriftsklasse
Herrar amatør
Herrar elite

Pris Fotballgalla og fest i Oseana:
Gallamiddag er frå kl 19.30-23 (pris 495 kroner)
Fest etter gallaen er frå kl 23-01.30 (pris 150 kroner)
OBS! Begrensa mengde plassar på galla og fest.

Påmelding MidtsidenCup: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Aldersgrense MidtsidenCup: 16 år for gutar, 15 år for jenter (fødd i 2006/2007)
Pris MidtsidenCup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Meir informasjon om MidtsidenCup i eigen sak! 

Me vonar heile fotball-familien tek turen til både Fotballgalla og MidtsidenCup, laurdag 12.november! Dette blir ein festdag du ikkje vil gå glipp av! 

 

Annonse: