SK Brann henter Elise Lyssand: - Draumen er å leve av fotball!
Vår ferske landslagsspelar, Elise Lyssand, er klar for Brann. Ørjan Sandal har stor tru på at den fotrappe angrepsspelaren etterkvart kan bli ein hit på stadiongraset!
- Eg har hatt det veldig fint i Os, og gler meg no til ein ny utfordring i Brann. Eg håper på sikt å kunne spele i toppserien, og drøymen er leve av fotball i utlandet, seier unge lovande Elise Lyssand.
Elise begynte å trene med damelaget for 1,5 år sidan og damelagstrenar Ørjan Sandal fortel at den hurtige angriparen utmerka seg umiddelbart.
-Elise har frå første trening med damelaget vist ein herleg frekkhet og spesielle ferdigheter på banen. Ho besitter med sin enorme akselerasjon, fine driblekunnskapar og gode avslutningar, ferdigheter som gjer ho til ein kommande publikumsfavoritt, og me forstår kvifor Sportsklubben Brann har fatta interesse for vår ferske landslagspelar, roser Ørjan Sandal før han held fram.
- Då ho etterkvart blei gamal nok til å ha lov til å spele kampar på seniornivå, blei ho allereie i sitt fyrste år i 3.divisjon ein frykta spelar blant motstandarlaga.
Som Sandal nemner har angriparen til tider herja med forsvarsspelarar, og prestasjonane blei i haust krona med uttak til J15-landslaget. Og no attpåtil interesse og overgang til Brann.
- Elise vil i førsteomgang gå inn i trenings- og kampgruppa til Brann 2, men eg blir ikkje veldig overraska om den unge spelaren allereie i sitt første år i Brann får debuten for førstelaget i Toppserien, seier Sandal.
Elise går på skule på NTG på Brann stadion, og får no ein kvardag med treningar på dagtid, samtidig som ho kjem til å helde fram med å trene ein del med damelaget til Os.
- Elise har stor motivasjon og treningsiver for å halde fram med den gode utviklinga, og då er dette berre starten på en lang fotball-karriere, avslutter Ørjan Sandal.
Me takker Elise for tida i Os for denne gang og ønsker ho mykje lukke til i Brann! Me gler oss til å følgje utviklinga vidare - me heier på deg!