Skaathun Bilverksted aukar og forlenger engasjementet med tre nye år
Det er med stor glede me kan meddele at vår mangeårige støttespelar Skaathun Bilverksted køyrer på med vidare engasjement i tre nye år!
- Skaathun Bilverksted har vore ein sterk støttespelar for oss i mange år, og me ser fram til køyre på vidare! Me er særs glade for at dei vil auke og forlenger støtta med tre nye år, seier dagleg leiar Endre Brenne.
Skaathun Bilverkstedet AS blei starta opp av Ole-Viggo Skaathun og held til i Industrivegen. Verkstedet har over 30 års erfaring frå faget og har i dag 10 ansatte bilspesialister, som har den naudsynte kompetansen og utstyret for å reparere din bil på best mogleg måte. Skaathun Bilverksted AS utfører det meste av reparesjoner og service på alle bilmerker, og er ein del av den landsdekkende kjeden Mekonomen.
Me set stor pris på støtta og ser fram til å gje gass med Skaathun Bilverksted vidare!