Solid siger til damelaget

Damelaget kunne på fredag juble får årets fyrste siger. Trenar Ørjan Sandal meinar laget, etter famlande opningsminuttar, leverte ein imponerande kamp.

Damelaget spela på fredag mot Djerv på bortebane. 

- Dei fyrste ti minutta av kampen var vi lite bestemte, passive og stilleståande. Men etter ein svak start spelte vi oss stort opp resten av kampen. Då spelte me rett og slett meget, meget bra, seier ein svært nøgd hovudtrenar Ørjan Sandal. 

- Då har vi mange gode bevegelser, mykje bra spel langs bakken på eitt og to touch, og var enormt aggressive i duellane. Damene kan vere godt nøgd med denne prestasjonen! 

Damene leia 2-0 til pause etter skåringer av Agathe Cöllestine Lekven og Andrine Brunvatne Kvittingen. Begge måla blei skåra med pannebrasken.

I andre omgang auka Lenea Hjelle Fløysand og Ingeborg Sundal Ljostveit til 4-0, som også blei sluttresultatet. I følgje Sandal kunne resultatet blitt enda større om ein hadde skåra på fleire av sjansane - laget produserte nemleg mange sjansar. 

Neste kamp er allereie på onsdag, då går turen til Bremnes og den utsette serieopninga. 

 

Annonse: