Sparebanken Norge med nytt gåvedryss over Kuventræ

Nok ein gong har banken gitt ei gåve som legg til rette for aktivitet - denne gongen i heile Bjørnafjorden-regionen.

Sparebanken Noreg (tidlegare Sparebanken Vest) har støtta prosjekt og initiativ på Kuventræ i lang tid, og no har banken endå ein gong vist sin gjevarvilje og sponsa to flett nye 3er-banar, til glede for både Os Fotball og heile Bjørnafjorden-regionen. 

Dei nye banane kjem til å bli flittig brukt av dei yngste laga våre, og er enkle og montere og setja opp. Ettersom vi har nye kull på veg opp og fram, er desse banane gull verdt for ivrige gutar og jenter som er heilt i startfasen av livet som fotballspillar. 

- Banken si støtte har i ei årrekkje vore heilt avgjerande for aktivitetsnivået på Kuventræ. Me er svært takksame og audmjuke over støtta banken gir oss. Dette er ei vitamininnsprøyting av dimensjonar for oss som klubb, den gir oss kraft og energi, og gjer oss i stand til å oppfylla vårt største ønskje som er å leggja til rette for mest mogeleg fotballglede på Kuventræ, seier han.

Men dette er ikkje noko som berre skal komma Os Fotball til gode. Også andre klubbar i heile vår region som skal arrangera serieturneringar og cupar kan få bruka desse banane.

Booking er kostnadsfri og blir gjort ved å ta kontakt med Endre Brenne, endre@osfotball.no / mobil: 907 24 338

 

Annonse: