Spelarpresentasjon: God start for Markus og Lukas!

Det er gledeleg å presentere herrelagets to ferskaste tilskot; Markus Bolli Austrheim og Lukas Einarsen Olsen!

- Markus og Lukas er unge, svultne gutter som begge har gjeve eit godt inntrykk, glidd fint inn i gruppa og har begge eit stort utviklingspotensiale. Det passer godt med vår filosofi, og er fine tilvekster i laget og klubben, uttaler trenar Endre Brenne. 

Fin velkomst 

Lukas er 20 år frå Fyllingsdalen, som tidligare har spela for Fyllingsdalen og Sotra. Den ballsikre midtbanespelaren studerer økonomi ved Norges Handelshøgskule, og fortel om ein veldig fin velkomst i klubben.

- Eg er veldig nøgd med min første periode i klubben. Hovudgrunnen til at valet falt på Os var korleis eg blei teke i mot av både trenerteamet og spelargruppa. Det er ein gruppe med veldig fine folk og eg føler meg allereie som ein del av gjengen. Eg likar i tillegg spelestilen og koser meg på trening og kamp, seier Lukas Einarsen Olsen. 

Lukas har i treningskampane vist at han tilfører laget stor ro og tryggleik med ball, ein fin pasningsfot og gode relasjonelle ferdigheter, samt at han i tillegg har klinka inn sin første skåring. 

Kva ambisjonar har du for sesongen?

- Ambisjonane er å spele energisk og god fotball der vi skal kjempe i toppen om opprykk. Personlig ønsker eg å vise meg fram, hjelpe lagkameratane mine og bidra til at Os Fotball gjer det så bra som mogleg. 

i-VG8swSj-XL.jpg
Lukas Einarsen Olsen har vist fine ferdigheter i treningskampane. Me gler oss til fortsettelsen (Foto: Hordalandsfotball).

Markus kjem frå Ørsta på Sunnmøre og studerer i Bergen. Han er ein høgreist midtstopper som dei siste sesongene har spela i Volda. Han er roleg med ball og duellsterk.

- Eg har blitt teke veldig godt i mot av gruppa og det verkar å vere ein veldig fin gjeng. Eg føler Os sin spelestil passar meg veldig bra og at eg kan utvikle meg godt her, seier Markus Bolli Austrheim. 

Markus er, etter ein liten skade i sin første periode i klubben, no speleklar igjen, og motivert for å legge eit godt grunnlag inn mot sesongen. 

Kva ambisjonar har du for sesongen?

- Eg ser på Os som eit godt lag og eg trur vi skal bite godt frå oss denne sesongen. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal kunne vere med å kjempe i toppen i år. Personleg er målet å ta nye steg og bidra med clean sheets og forhåpentligvis nokre mål. 

Markus midtsiden.png
Markus Bolli Austrheim fortel om ein fin velkomst i Os (foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Me ynskjer Markus og Lukas hjertelig velkommen til klubben! 

Ps: Husk å sikre deg sesongkort: Kjøp sesongkort 2023 

Sesongkortet gjev fri entrè på dame- og herrelaget sine seriekamper på Kuventræ i 2023, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Alle våre besøkende kan sitte lunt, tørt og godt på vår nye taktribune og nyte underhaldande angrepsfotball, samt vere del av den fantastiske atmosfæren rundt våre kamparrangement. 

 

 

Annonse: