Spennande unggutter i A-stallen

Spennande unge lokale spelarar i A-stallen: Sebastian Plätzer har forlenga kontrakten, og Jonathan Mjånes Lund tek steget opp frå junioravdelinga!

(Foto: Hordalandsfotball og Midtsiden.)

- Både Sebastian og Jonathan har gått gradene i klubben med FFO og barnefotball, via akademi/ungdomsfotball til A-lagskontrakt, som er utrulig kjekt! Det gror kjempegodt i eigne rekker med mange lovande spelarar - så det er garantert fleire ungdommar som med tida kjem til å ta steget opp, seier hovudtrenar Endre Brenne. 

Sebastian Plätzer (2005) debuterte for A-laget i 2021, og blei flytta permanent opp i A-stallen før fjorårssesongen. Den unge ballteknikeren spela 26 kamper, scora fire mål, og viste stor utvikling gjennom sesongen, og krona året med pris som "Årets mest fremgangsrike spelar". Sjefen sjølv er veldig nøgd med at Sebastian ønsker å utvikle seg vidare i Os Fotball:

- Sebastian tok store steg i 2022, og me er veldig glade for at han velger fortsette her hjå oss. Han passer godt inn i profilen vår med stor iver og motivasjon for å bli best mogleg. Ein spennande spelar me håper og trur vil ta nye steg kommande sesong! 

Jonathan Mjånes Lund er i likhet med Sebastian 2005-modell, som etter å ha hospiterte med A-laget gjennom fjorårssesongen, no tek steget fast opp i A-stallen. Jonathan debuterte for A-laget i kvalifiseringskampen til NM mot Sund, før debuten i 3.divisjon mot Kjelsås 2 på Kuventræ. Det blei totalt 15 kamper for herrelaget i 2022, derav fleire starter i Norsk Tipping-ligaen. 

- Ein ny lokal ungdom som tek steget opp på A-laget. Jonathan fekk fleire innhopp og startar i 2022 og har verkeleg gjort seg fortent til plass i a-troppen. Som Sebastian har Jonathan gode ferdigheiter med ball, er 100% i trening og svolten på vidare utvikling. Velkommen, uttaler Brenne. 

Me gler oss til å følgje utviklinga vidare! 

Kjøp sesongkortet for 2023 og opplev den magiske stemninga på Kuventræ! Sesongkortet gjev ein rekkje rabatter hos lokale aktører, samt entre til dame - og herrelaget sine kamper på Kuventræ i kommande sesong! Les meir om sesongkortet her: 

Annonse: