Spennande venstreback på lån frå Øygarden

Os Fotball og Øygarden er einige om ein låneavtale for den spennande og ambisiøse venstrebacken, Mathias Aastvedt Dahl!

- Mathias er ein ung og ambisiøs spelar med eit stort potensiale, som passer godt inn i klubbens profil. Han vil bli ein fin tilvekst, som me skal hjelpe å utvikle vidare, slik at me saman får eit bra år, uttaler hovudtrenar Endre Brenne om sin nye spelar. 

Mathias Aastvedt Dahl frå Åkra signerte i vinter for 2.divisjonsklubben Øygarden etter å ha overbevist på prøvespel. Det er tøft om plassen på laget på Ågotnes, så grunna usikkerhet omkring kor mykje speletid det eventuelt ville bli i årets 2.divisjon, tok Øygarden difor kontakt med Os Fotball om ein låneavtale for den spennande unggutten. Hovudpersonen sjølv gler seg til å tilegne seg verdifull erfaring og eit utviklande opphald i Os Fotball. 

Eg trur det blir eit spennande opphald i klubben! Speletid og ein god treningskvardag er viktig for at eg skal utvikle meg vidare, og då har eg berre høyrt mykje positivt om Os Fotball. Os og Øygarden har mange av dei same tankane og spelfilosofi, som eg trur vil passe meg bra, seier nysigneringen. 

Jamnleg hospitant med A-laget til Haugesund

Venstrebacken er fødd i 2002, og har ein fortid frå Haugesund-akademiet og barndomsklubben Åkra i 3.divisjon. Etter å ha hospitert på alliansetreningar for dei beste spelarane på Haugalandet i mange år, meldte han overgang til Haugesund som 15-åring. 

I Haugesund var han del av Haugesund 2 i 4.divisjon, i tillegg til å jamnleg hospitere med A-laget. Han returnerte til moderklubben Åkra i 3.divisjon i fjor sommar, før han byrja å studere i Bergen etter nyttår.

Karmøy-gutten beskriver seg sjølv som ein offensiv og rask spelar med gode ballferdigheter og trøkk. Det passer som hand i hanske med klubbens identitet om ein ballbesittende, offensiv og underhaldande fotball.

- Eg er ein offensiv backtype som likar ballbesittende fotball, kombinasjonsspel og å bidra offensivt. Mine eigne ambisjonar for sesongen er å vere ein fremtredande spelar som leverer målpoeng,  tek ansvar og bidreg til laget på ein positiv måte, slik at me kan vere med å kjempe i toppen!

Nysigneringen spelar i dagens treningskamp mot Stord på Vikahaugane kl. 19.00, og er klar for debut i lokalderbyet mot Lysekloster neste helg! 

Me ynskjer Mathias velkommen til Os Fotball! 

magnorvinduet-538x93-1.png
IMG_8423.jpg
Blekk på papir; Mathias Aastvedt Dahl er signert og klar for spel i gult og svart!

Har du sikra deg sesongkort? 

Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpast via Vipps og hos fleire av aktørane der rabattane gjeld. 

Sesongkortet vil gje rabattar hos følgande lokale aktørar:

Monter: 30 % på håndverktøy 

Sport Norge: 15% på ordinære varer

Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)

Os Auto: 25 % på EU-kontroll 

Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler 

Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming

Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)  

Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter

- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentast i klubbhuset, samt Monter, Fargerike og Sport Norge.

Velkommen til Kuventræ på kamp! 

Sesongkort 2022 bakside.png

 

Annonse: