Sperrevik Elektro gjev oss positiv energi i tre nye år!

Det er ein stor glede at vår mangeårige støttespelar, Sperrevik Elektro, forlenger samarbeidsavtalen med ytterligare tre år!

- Me har hatt eit elektrisk godt samarbeid med Sperrevik Elektro i fleire år, og me set stor pris på vidare tillit, uttaler dagleg leiar Endre Brenne om den forlenga samarbeidsavtalen med Sperrevik Elektro. 

Sperrevik Elektro er opptekne av å støtte lokalsamfunnet og er engasjert på fleire arenaer i nærmiljøet. Firmaet har vore ein god støttespelar for Os Fotball i fleire år, noko installatør i Sperrevik Elektro, Kjartan Hagevik, fortel at firmaet med glede ynskjer å gjere vidare. 

- Det er med glede me vil støtte Os Fotball vidare når me ser det inkluderende og gode arbeidet som blir gjort for born og unge på Kuventræ, seier Kjartan Hagevik. 

Sperrevik Elektro AS utfører alt innan elektriske installasjoner fra små prosjekt til totalleveranser innan elektro på hus og industri/næringsbygg. Sida oppstarten i 2006 har bedriften opparbeida seg ein høg fagleg kompetanse, og satser på lokale lærlinger for å ekspandere verksomheita. Dette er i tråd med vår tankegang med å satse på unge lokale spelarar. 

- Me er som sagt glade i lokalsamfunnet og har difor fokus på å utvikle lokale og dyktige montørar gjennom læringssamarbeid med opplæringskontor og andre bedrifter. Me har pr. dags dato fire lærlingar i stallen, fortel Hagevik vidare. 

I dag består Sperrevik Elektro sin stall av 20 ansatte og fire lærlinger. 

Me set stor pris på støtta, og ser fram til eit spennande og energisk samarbeid vidare! 

Besøk dei på nett her: Sperrevik Elektro, eller besøk dei i Kolskogheiane 12. 

Sperrevik Elektro.jpg

 

Annonse: