Sperrevik gir Os ny energi – avtalen forlenga

Det er ei stor glede å kunngjere at vår mangeårige støttespelar, Sperrevik Elektro AS, har forlenga samarbeidsavtalen.

- Me har hatt eit gnistrande godt samarbeid med Sperrevik Elektro i fleire år, og me set stor pris på vidare tillit, uttaler dagleg leiar Endre Brenne om den forlenga samarbeidsavtalen med Sperrevik Elektro AS. 

Sperrevik Elektro er opptekne av å støtte lokalsamfunnet og er engasjert på fleire arenaer i nærmiljøet. Firmaet har vore ein god støttespelar for Os Fotball i fleire år. Selskapet er i desse dagar i full sving med å ferdigstilla alt det elektriske til vårt splitter nye klubbhus. 

Selskapet trekk frem det inkluderende og gode arbeidet Os Fotball gjer for born og unge på Kuventræ som ei viktig årsak til forlenginga. 

Sperrevik Elektro AS utfører alt innan elektriske installasjoner fra små prosjekt til totalleveranser innan elektro på hus og industri/næringsbygg. Sida oppstarten i 2006 har bedriften opparbeida seg ein høg fagleg kompetanse, og satser på lokale lærlinger for å ekspandere verksomheita. Dette er i tråd med vår tankegang med å satse på unge lokale spelarar. 

I dag består Sperrevik Elektro sin stall av totalt 28 medarbeidere. 

Me set stor pris på støtta, og ser fram til eit spennande og energisk samarbeid vidare! 

Besøk dei på nett her: Sperrevik Elektro, eller besøk dei i Kolskogheiane 12. 

Sperrevik Elektro.jpg

 

Annonse: