Sprudlande fotballglede på miniturnering

Fotballgleden var enorm på gårdagens miniturnering for jenter og gutar 7 og 8 år på Kuventræ!

Sundag var det duka for miniturnering for nokre av dei minste fotballspirene i regionen, til stor glede for store og små! Samnanger, Eikelandsfjorden, Strandvik, Njardar/Tysnes, Ådlandsfjorden, Øyglimt, Søfteland, Lysekloster, Søre Neset, Nore Neset, Jadakameratene og Os stilte med lag, og skapte ein strålande fotballsundag på Kuventræ! 

Det blei arrangert både 3v3 turnering for 7-åringane og 5v5 turnering for 8-åringane. Og innsatsen og fotballgleden var som alltid på topp! 

Tusen takk for besøket til alle spelarar, trenarar og supportere! Og tusen takk for strålande dugnadshjelp i kiosken og med opp- og nedrigg av arrangementet! Saman er me sterke! 

Annonse: