Status på herretroppen før sesongen

Herrelaget er godt i gang med å førebu seg til ein spennande sesong, og har hatt fleire utskiftinger i vinter. Her er foreløpig status på stallen før det braker laus mot Lysekloster på bortebane 10.april!

 

Herrelaget har dei siste sesongane hatt ein positiv utvikling, og leverte ein sterk 3.plass og mykje godt spel i fjorårssesongen. I skrivande stund er våre fremste menn godt i gang med å førebu seg til ein ny spennande sesong, og det med fleire utskiftninger i stallen. 

Spelarar inn: 

Klubben har resignert lokale helter og bærebjelker i laget som Kasper Færøvik og Torgeir Lunde, flytta Jonathan Mjånes Lund opp på permanent basis frå junioravdelinga, samt at fleire nye spelarar har komt inn dørene. 

Den hurtige angriperen, Anders Myking Waagan, har komt inn frå Fyllingsdalen. Sunnmøringen har ein fortid i Ålesund og lokale klubber på Sunnmøre, og har vist lovande takter etter overgangen i vinter. I førre kamp noterte angriperen seg for heile fire scoringar!

Myking Waagan (Midtsiden).
Anders Myking Waagan i fint driv i treningskampen mot Fana i januar (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Forsvarsbauta, Szymon Walczak, har komt inn frå Florø. Walczak har solid erfaring frå høgare divisjonar, og er ein kjenning frå lokalfotballen. Midtstopperen tilfører i tillegg stor duellstyrke, vinnarmentalitet og ro med ball. 

Szymon Walczak (Midtsiden).
Szymon Walczak er ein duellsterk midtstopper med solid erfaring frå høgare nivå (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Midtbanespelaren, Lukas Einarsen Olsen, kjem frå spel i 2.divisjon med Sotra, og er opprinneleg frå Fyllingsdalen. 20-åringen har vist sterke ballferdigheter og vil blant anna tilføre laget ro og tryggleik med ballen, og med ein god pasning- og skuddfot kan me også forvente nokre målpoeng frå nyervervelsen. 

i-VG8swSj-XL.jpg
Lukas Einarsen Olsen er ein ballsikker midtbanespelar (Foto: Hordalandsfotball).

Markus Bolli Austrheim er ein høgreist og tøff midtstopper, frå Ørsta. Han kjem frå spel for Volda, og studerer no i Bergen. Sunnmøringen har ein spelande stil, som passer godt med Os-stilen. 

Markus Bolli Austrheim.jpg
Markus Bolli Austrheim i aksjon i treningskamp mot Askøy (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Spelarar ut: 

Kristian Hjelvik Halvorsen blei i november solgt til opprykksjagande Levanger i 2.divisjon. Midtbane-eleganten vil bli sakna på Kuventræ, både som person og spelar, og har med sin strøkne venstrefot, gode overblikk og forståelse, bidrege sterkt til herrelagets gode utvikling dei siste sesongane. Me takker for tida i klubben, og ynskjer han mykje lukke til vidare i Levanger! 

image00013.12323.jpg
Kristian Hjelvik Halvorsen har vore ein sterk bidragsyter på og utafor bana i tida si i klubben. Me ynskjer han lukke til vidare i Levanger (Foto: Hordalandsfotball).

Vegard Strønen Skeie, gjorde comeback i Os i fjorårssesongen etter proffopphald i Brann, etterfulgt av millitærteneste. Skeie leverte som vanleg solid på banen, og me skulle veldig gjerne hatt med den robuste midtstopperen også i ein spennande 2023-sesong. Skeie tek ein pause frå fotballen til å dyrke andre interesser, men er hjertelig velkommen tilbake om lysten skulle melde seg. 

305098401_5460410354025977_3424904069644992173_n.jpg
Det blei eit kort opphold tilbake i Os-drakt i denne omgang, men forhåpentligvis ikkje siste gang me ser solide Vegard Strønen Skeie i aksjon for herrelaget (Hordalandsfotball).

Erlend Østgulen Hevrøy har også trappa ned etter mange år i keeper-teamet. Den høgreiste keeperen var ein humørspreiar i gruppa og leverte solide prestasjoner når moglegheiten baud seg. Me takker Erlend for innsatsen og ynskjer han lukke til vidare! 

302674231_5452397914827221_4569563226597688411_n.jpg
Foto: Hordalandsfotball.

Veteran, Marius Haugland Mikkelsen, tek også ein pause frå fotballen for å frigjere meir tid til familien. 

Ikkje tilgjengelig grunna skade

Jonas Fagerbakke Hovland blir dessverre ikkje å sjå på banen på lang tid ettersom han pådro seg ein alvorleg kneskade i fjorårssesongen. Jonas sin hurtighet og gode pasningsfot vil nok bli eit sakn i årets sesong. Me ynskjer han god betring og lukke til med rehabiliteringen, og har stor tru på at han kjem sterkt tilbake! 

1648926008156.jpg
Jonas Fagerbakke Hovland har krutt i støvlene, som han viste fram når han blei matchvinnar med sin frispark-scoring mot Lysekloster (Foto: Marit Hommedal, BA).

Os-legende, Torkel Hjertnes, er på rehabilitering med alternativ trening, men når graset blir grønt og sesongen er i anmarsj, reknar me med at evigunge Hjertnes stiller sterkt også i år! Class is permanent! 

278114993_5054184611315222_7259305754113809106_n.jpg
Torkel Hjertnes har gjort seg fortent til tittel som Os-legende (Foto: Hordalandsfotball).

Os Herrer 2023:

Kasper Færøvik
Sverre Spangelo Haga
Petter Hilton
Anders Hjelle Havsgård
Jonas Fagerbakke Hovland (langtidsskade) 
Eirik Rysjedal
Markus Bolli Austrheim
Mathias Dahl
Jonathan Mjånes Lund
Sebastian Plätzer
Lukas Olsen
Torgeir Lunde
Thomas Stene Spilde
Szymon Walczak 
Anders Myking Waagan
Steffen Kvamsdal
Daniel Grimset Kvalvågnes
Niklas Lunde Fosen
Henrik Tysse Sperrevik

Trenerteam: 
Endre Brenne
Zsolt Korcsmar 
Anders Fossen Lunde
Ingar Endresen

 

Annonse: