STEM PÅ ØRJAN SANDAL SOM ÅRETS GRASROTTRENAR
Vår dyktige trenar, Ørjan Sandal, er nominert til prisen for "Årets grasrottrenar"!
(Foto: Os og Fusaposten)
Os Fotball er utruleg heldige som har mange dyktige og engasjerte grasrottrenarar som gjev medlemmane våre ein trygg og god arena for vennskap, glede og utvikling - som fotballspelarar og mennesker!
Ein av desse er Ørjan Sandal!
Ørjan legger sjela si i å utvikle våre spelarar og lag, og er energisk, engasjert, dedikert og grundig i alt han gjer - om det er tidlig eller seint, minusgrader, sludd og regn eller steikande sol - dag inn og dag ut, året rundt! No kan du stemme på Ørjan som årets grasrottrenar og gje han den anerkjenninga han fortener!
Ørjan har mange jern i ilden. Han gjer ein strålande jobb på FFO med born frå 2. - 7. klasse, som trenar på G14, samt damelaget. Den kunnskapsrike trenaren er utvilsomt ein viktig ressurs for klubben!
STEM PÅ ØRJAN HER (ein må stemme før 6.oktober kl. 23.59, og ein må vere fylt 18 år for å kunne avgi stemme)
Auke anerkjenninga for jobben til grasrottrenarane
Årets grasrottrenar er eit initiativ frå Norges Fotballforbund, Norsk Tipping og Norsk Fotballtrenerforening, med formål å gje trenarar i barne- og ungdomsfotballen auka anerkjenning for jobben som blir gjort i heile fotball-Norge!
Til nominasjonen har det blitt sett etter grasrottrenarar som utmerker seg spesielt og gjer ein ekstra innsats for å bidra til at born og unge har det kjekt med fotballen. Ørjan Sandal gjer definitivt det, og er ein av 172 trenarar over heile Noreg som er blitt nominert til den gjeve tittelen.
Dei fem kandidatane med flest stemmer i kvar fotballkrins blir vurdert av ein lokal jury, som kårer Årets grasrottrenar i kvar krins. Alle dei 18 krinsvinnarane blir med vidare til den nasjonale stemmeperioden 1.-14. november, der utdelingen av prisen skjer på cupfinaleseminaret laurdag 4.desember.
I tillegg til heider og ære, vil klubben til alle krinsvinnarane motta 10 000 kroner, medan den som blir kåra til Årets grasrottrenar nasjonalt får ytterligare 20 000 kroner. Altså totalt 30 000 kroner til klubben med den nasjonale vinnaren.
Dette uttaler Norges Fotballforbund og Norsk Tipping sjølv om utmerkinga.
- Det vil bli et luksusproblem å kåre Årets Grasrottrener. Det er så utrolig mange dyktige og gode Grasrottrenere som gjør en fantastisk innsats hver uke for at barn skal få gode fotballopplevelser. Vi har fått inn veldig mange flotte kandidater og oppfordrer alle til å stemme på sin favoritt, sier Bo Folke Gustavson, fagansvarlig barn og ungdom i NFF.
- Treneren er kanskje den viktigste rollemodellen i norsk fotball. Treneren er den som er der i barnas første møte med fotballen, og rollemodellen som tar vare på barna, tilrettelegger for god aktivitet, gir barna mestringsfølelse og utfordringer. Den gjør at barna føler tilhørighet og trygghet, og gjør at barna synes det er gøy med fotball. Vi trenger slike trenere og vi heier på dere, sier Preben Stai i Norsk Tipping.
Me set stor pris Ørjan sitt smittande engasjement og store kunnskap - denne nominasjonen er vel fortent! Me heier på deg!