Sterkt bortepoeng i Oslo

Herrelaget var nære med å få med seg alle poenga heim i frå gårsdagens kamp mot Lyn i Oslo. Lyn utlikna på slutten, men våre menn kunne uansett reise heim med eit sterkt bortepoeng i bagasjen!

Foto: Trond Gausemel.

Det var ein ny tøff bortekamp som venta herrelaget når dei gjesta ein av førehandsfavorittane til opprykk, Lyn, på Kringsjå. Men det var våre menn som starta best. 

- Eg syntes det var ein veldig bra fyrste omgang frå vår side, der vi har mykje ball og klarer å skåre 2 mål. I andre omgang tok Lyn meir og meir over, og det blei ein krigekamp med mykje dueller og lite ball for vår del. Men eg føler vi stod godt imot og alle ga alt for å ta med oss mest mogleg poeng heim frå Oslo, oppsummerer kaptein Torgeir Lunde etter kampen. 

Som Lunde seier så var det Os som hadde eit spelemessig overtak frå start, og Viktor Menonca Wikheim fekk ein gyllen moglegheit tidlig i oppgjeret. Etter eit innlegg i feltet, landa ballen i beina til  midtbanespelaren som rappa til. Men Lyn sin burvokter var med på notene og redda meisterleg. Keeperen fekk derimot større problemer seinare i omgangen.

Frisparkperle og straffeskåring

Når våre gulkledde blei tildelt frispark på hjørnet av 16-meteren, skritta Kristian Hjelvik Halvorsen opp. I staden for innlegg drog Halvorsen fram eit overraskelsesmoment, og curla ballen vakkert over muren og i næraste kryss med sin presise venstrefot. Ei vakker skåring av midtbaneeleganten. 

Og ikkje lenge etterpå fekk dei frammøte osingane på tribunen meir å juble for. På eit hjørnespark blei Roger Blokhus Ekeland dratt i bakken, dommar blåste og peika på straffemerket. I same sekund stanga Torgeir Lunde ballen i mål, og dommeren sette seg i fortvilelse ned på huk og unnskyldte seg. Målet blei difor ikkje ståande, men Ekeland hadde uansett ein gyllen moglegheit til å doble leiinga frå straffemerket - som toppskåraren sjølvsagt gjorde og sendte laget til pause med 2-0 leiing. 

Os starta også bra i 2.omgang, men når plutselig Lyn reduserte i det 54.minutt var det Lyn som tok over meir og meir. Eit par fantomredninger frå Kasper Sandven Færøvik, og nokre oppofrande blokkeringer frå våre forsvarar holdt Lyn unna utlikning. Lenge. 

Men i det 83.minuttet glapp det og Lyn satte inn 2-2. Os stod i mot i sluttminutta, og kunne til og med ha stukket av med alle tre poenga når Kristoffer Røttingen var svært nære med å lure inn eit vinnermål heilt på tampen. Våre menn skal uansett vere godt nøgd med eit poeng på ein vanskeleg bortebane på ein ok dag! 

Neste kamp er heime mot Stord, laurdag kl. 14.00! Då vil me sjå ein full tribune som heier herrelaget tilbake på vinnersporet! 

Kampfakta: 

Lyn - Os: 2 - 2

Mål:

41´ Kristian Hjelvik Halvorsen

44´ Roger Blokhus Ekeland

Os: Kasper Sandven Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Jonas Fagerbakke Hovland, Rune Åsheim Mo, Torgeir Lunde - Kristian Hjelvik Halvorsen, Viktig Mendonca Wikheim, Steffen Kvamsdal, Niklas Lunde Fosen - Thomas Stene Spilde, Roger Blokhus Ekeland.

Innbyttarar med speletid: 

Sander Lønne Dyngeland, Carl William Lafquist-Lygre, Torkel Hjertnes og Kristoffer Røttingen 

Norsk Tipping-ligaen avd. 4

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Bjarg Bjarg 11 11 0 0 45 8 37 33
2 Førde Førde 11 8 2 1 32 13 19 26
3 Fana Fana 11 7 2 2 38 17 21 23
4 Os Os 11 7 0 4 41 19 22 21
5 Lyn 1896 FK 2 Lyn 1896 FK 2 11 6 3 2 25 20 5 21
6 Gneist Gneist 11 5 3 3 28 22 6 18
7 Fjøra Fjøra 11 4 1 6 23 34 -11 13
8 Sandefjord Fotball 2 Sandefjord Fotball 2 11 4 1 6 24 38 -14 13
9 Askøy Askøy 11 3 3 5 16 24 -8 12
10 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 11 4 0 7 19 30 -11 12
11 Lyngbø Lyngbø 11 2 3 6 15 23 -8 9
12 Loddefjord Loddefjord 11 2 1 8 16 35 -19 7
13 Åsane 2 Åsane 2 11 2 1 8 18 46 -28 7
14 Vålerenga 2 Vålerenga 2 11 2 0 9 20 31 -11 6

 

 

Annonse: