Stor idrettsglede på inkluderingsdagane

Idretten skaper tilhørighet, fellesskapskjensle og livslange vennskapsband. Idretten skal vere like tilgjengelig for alle og alle bør få oppleve idrettsglede - uavhengig av språk, kultur, bakgrunn eller økonomi! Med det til grunn inviterte Os Fotball, Os Handball og Os Friidrett til gratis inkluderingsdager før skolestart. Det gav stor idrettsglede!

Målsettinga med arrangementet var å syne fram den gode og varierte aktiviteten idrettslaget vårt kan tilby, samt nå ut til born og unge som ikkje kjenner til tilboda som finnes! Mange born var med på tre fartsfylte dager med fotball, handball og friidrett, og for mange var det fyrste møtet med idrett. Idrettsgleden var stor hos samtlige, så me vonar arrangementet bidreg til at fleire blir med i idretten.

Eg synest det er kjempebra at fleire av idrettsgruppene i Os Turn samarbeider på denne måten. Sjølv om me jobbar for ulike idrettar har me til felles at me ynskjer å aktivisere born og unge og å leggja til rette for at dei kan driva med idrett. Eg vonar og trur at arrangementet bidreg positivt for at fleire ynskjer å begynne med idrett

— Endre Brenne, dagleg leiar

Idretten er ein fantastisk arena for inkludering og noko Os Fotball jobbar med kvar dag. Inkludering er ein av kjerneverdiene til klubben og me ynskjer å vere ein klubb som ser alle, skaper tryggleik, trivsel, tilhørighet og mestring. Me ynskjer eit stort mangfold og vil ta vare på alle! Os Fotball har blant anna eit eige inkluderingsfond som skal vere med å gje alle eit likeverdig tilbod og unngå utenforskap grunna økonomi. Kontakt dagleg leiar Endre Brenne om spørsmål vedrørande dette.

Takk til Vestland Fylkeskommune med økonomisk støtte til arrangementet.

Her kan du sjå Midtsiden sitt intervju av leiarane i fotball og handballgruppa om arrangementet:

Midtsiden: Videointervju med Endre Brenne og Ingerid Verpe Jacobsen om inkluderingsdagene

Annonse: