Storslått feiring av sesongen

Årets sesong har bydd på mange minnerike øyeblikk! Laurdag feira vår unike fotballfamilie sesongen med prisutdelinger, underhaldning, live-musikk, god mat og stemning i Oseana!

Foto: Kjetil Bruarøy, Midtsiden. 

 

Årets sesong har bydd på høgdepunkter som herrelaget sitt cupeventyr med derbysiger mot Lysekloster, ellevilt avansement etter ekstraomganger mot Åsane, og 2500 publikummere mot Brann, 2.divisjonsfotball for damelaget med blant anna over 500 tilskodarar på serieopninga på Kuventræ, strålande samhold og opplevingar på Norway Cup, Lerum Cup og andre cuper, deltaker-rekord på Os Kiwi Bama Cup, ny kiosk, opprykk til 1.divisjon for G19, og mykje meir. 

Damelaget løfte seg meisterleg utover i sesongen etter ein tøff start på tilværelsen i 2.divisjon, medan herrelaget tok ein meget sterk 3.plass i Norsk Tipping-liga avd. 1.

For ein sesong det har vore, og laurdag kveld samla fotballfamilien gamle heltar, frivillige, sponsorer og samarbeidspartnarar, trenarar og leiarar, unge- og rutinerte seniorspelarar, supportarar og fotballvenar seg til feiring av året. 

Gavesjekk på 750 000 kr frå Sparebanken Vest

imengine.public.prod.agp.infomaker.io.jpg
Endre Brenne tok i mot den generøse gaven frå SparebankenVest på heile 750 000kr (foto: Os og Fusaposten)

Etter at styreleiar Leiv Gunnar Heggland, og dagleg leiar Endre Brenne, hadde ynskja 190 fotballvenar velkommen, entra vår gode samarbeidspartnar Sparebanken Vest scena med ein overrasking til klubben. Sparebanken Vest overrakte ein gavesjekk på heile 750 000 kr til fornying av lysanlegget på Kuventræ og bygging av tak over tribunen - til stor jubel frå salen! Det betyr mykje og me set enormt pris på den generøse støtta - tusen takk til Sparebanken Vest!

Favn entra så scena og spelte supporterlåta "Konger på Kuventræ" før ein herleg pinnekjøtt-middag etterfulgt av riskrem til dessert stod på menyen. Med maten innabords var det så duka for underhaldning og prisutdeling frå scena. 

Prisutdelingar og underhaldning

Toppskårar

Den første prisen for kvelden var årets toppskårarar på dame- og herrelaget. Og som så mange gangar før var det Vy Mai Nguyen og Roger Blokhus Ekeland som stakk av med tittelen. Nguyen blei med 12 seriemål årets toppskårar for Os i 2. divisjon, medan Ekeland som spela ein halv sesong før overgangen til Stord i sommar, blei toppskårer for herrelaget med 15 nettkjenninger. 

Konferansier Davy Wathne inviterte så vår sportslege leiar Jan Frode Skeie, Vegard Leikvoll Moberg, og fagleg leiar i Brann-akademiet Aksel Bergo, til scenen for å snakke om fortid, nåtid og framtid for Os Fotball.

Årets mest fremgangsrike

Så var det årets mest fremgangsrike som skulle fram i lyset. Os Fotball er opptekne av å utvikle lokale spelarar, som har resultert i at flust i unge håpefulle har tilegna seg seniorerfaring gjennom sesongen. Den mest fremgangsrike på damelaget blei den 15-årige keeperen, Maria Hatvik Flister, medan Sebastian Plätzer (17 år) fekk prisen på herrelaget. 

cf1cb27a32946ea95c846bc76fc5cfae5bb806bd-1800x1200.jpg
Sebastian Plätzer og Maria Hatvik Flister fekk pris som årets mest fremgangsrike på flaggskipa våre (Foto: Kjetil Bruarøy, Midtsiden).

Kurt Monsens minnefond - talentpris

Det gror godt i eigne rekker, og to av våre mest lovande ungdommar fekk utdelt eit talentstipend frå Kurt Monsens minnefond. Tina Skogedal (16 år) har med sin blendande teknikk teke 2.divisjon med storm, medan William Tangen Haugland (14 år) har markert seg regionalt og nasjonalt og på Brann-akademiet, samt på Os G14 og G15. De unge håpefulle fekk utdelt prisane av to av våre beste gjennom historien, Norvald Kinden og Erik Just Olsen. 

Årets spelar

Så fekk Davy besøk av våre to tidligare keepere på scena. Valter Midtsæter og Brynjar Øvstedal snakka om deira tid på banen og keeper-rolla då kontra i dag. Valter og Brynjar delte så ut pris til årets spelarar på dame- og herrelaget. Lenea Hjelle Fløysand blei kåra til årets spelar på damelaget, før herrelaget stod for tur. 

27b37e7a7fd5d2c34d590b801d8abd9bf049dc37-1800x1200.jpg
Lenea Hjelle Fløysand blei kåra til årets spelar på damelaget (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

I det Brynjar forstod kven han skulle dele ut pris til, brast stemma. Ein tydeleg følelsesladd Brynjar kunne ynskje herrelaget sin sisteskanse, Kasper Sandven Færøvik, som han sjølv hadde trena frå han var 6 til 16 år, velkommen til scenen som årets spelar. Eit emosjonelt og fint øyeblikk!

0cf193c6478e46dcc886932af56c79e60a795e49-1800x1200.jpg
Keeper-trio! Kasper Sandven Færøvik blei kåra til årets spelar på herrelaget (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Målshow av herrelaget sine mål i 2022:

Årets eldsjel og hederspris

Favn fremførte så "Vi brenner for laget" og "Heia Os", før årets eldsjel skulle få velfortent heder. Eldsjelprisen gjekk til ei «som ikkje bryr seg om taktikk eller strategi, men som alltid tar imot deg med eit smil». 

Sjef i kiosken på Kuventræ, solstråla Elisabeth Nedrelid, fekk eldsjelprisen, til stomande jubel frå salen.

15301d277c728459a4453982b75b8961753cde11-1800x1200.jpg
Elisabeth Nedrelid fekk velfortent hyllest for innsatsen sin for klubben og mottok årets eldsjel frå ein annen viktig frivillig for klubben, Berit Hjertholm Rotnes (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Heidersprisen gjekk til ein mann som over lang tid har betydd enormt mykje for dame- og jentefotballen i Os. "Han spreier glede og gode verdiar, og det har han gjort i nærmare 20 år", stod det i beskrivelsen av årets vinnar av heidersprisen. Oppmann på damelaget gjennom 17 år, Tore Nøss, mottok prisen til ståande jubel frå salen. 

– Det er ei ære å representera Os Fotball, sa heidersmann Tore Nøss frå scena. 

99b203cb209baf3f9624b338db64121d6837b614-1800x1200.jpg
Tore Nøss mottok heidersprisen for sin enorme innsats i nærmare 20 år i Os Fotball (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Kvelden blei så avslutta med live-musikk frå Leif Østrem, Olav Skorpen på bass, Trond Foss og Trond Pedersen på gitar, og Kjell Arne Haringstad på trommer. 

Tusen takk til alle som var med å feira sesongen med oss i Oseana, og til alle for støtta i årets sesong; frivillige, samarbeidspartnarar, trenarar og leiarar, supportere, spelarar og øvrige fotballvenner! Me gler oss allereie til 2023-sesongen! 

Annonse: