Strålande MidtsidenCup 2022

Kollegaer, unge og gamle heltar, aktive og uaktive, venninner og kompiser, nær og fjern slekt; på laurdag strålte haustsola og cup-deltakarar i alle kategorier om kvarandre på MidtsidenCup 2022!

Foto og film: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

- Dette blei ein fantastisk dag frå start til slutt! Det blei ein opptur med mange påmeldte lag, der det var veldig kjekt med fleire lag enn på mange år i dameklasse! Det var også stor suksess at cupdeltakarane kunne ta del i fotball-galla i Oseana på kvelden. Det er eit konsept me kjem til å ta med oss vidare. Rett og slett ein strålande fotballdag frå start til slutt, seier dagleg leiar Endre Brenne. 

Laurdag blei årets MidtsidenCup for vaksne spelt på Kuventræ, der 23 lag fordelt på fire klasser deltok. Det baud på vakre skåringar, susande taklinger, klikk-klakk-fotball, utrulege redninger, jubel, latter, store smil og glede. 

Etter ein flott cupdag på Kuventræ, hadde deltakarane så moglegheit til å fullføre fotballdagen med ein etterfest med resten av klubben i Oseana. Ein strålande fotballdag frå ende til annen! 

Takk til deltakarane og til våre frivillige i gjennomføringa av arrangementet! 

Unknown-kopi.png

 

Annonse: