Strålande miniturnering i helga
Søndag hadde me den store glede av å arrangere miniturnering for jenter og gutar 7 år på Kuventræ - og snakk om speleglede!
De unge fotballspirene strålte nemleg om kapp med sola og jubelen var like stor om det var skåring eller ein hadde fått frukt i kiosken. For mange var turneringa det fyrste møtet med fotballkamper, og utifrå smila og innsatsen såg det ut til å gje meirsmak. Alle lag frå kommunen var representert, i tillegg til våre gode naboar Njardar/Tysnes. Oppsummert eit veldig vellukka arrangement med strålande ramme, god stemning og mykje god aktivitet!
Takk til Nore Neset Idrettslag for lån av 3v3 baner, til damene i kiosken og de frivillige som stilte som kampvert og opp- og nedrigg. Takker også for at alle fulgte smittevernråda. Gode saman!